Våre standpunkt i Industri- og næringspartiet


Industri- og næringspartiet (INP) er eit nytt parti i Høyanger kommune, og vi vil difor nytte høvet til å vise kva vi står for i lokalpolitikken. INP er politisk plassert i sentrum. Vi ønsker å jobbe for ei god utvikling av samfunnet, og for innbyggjarane sitt beste.

INP har markert seg som motstandar av vindkraft. Vi ønsker ikkje å bygge ned naturen kring oss med vindkraft. Vi i Høyanger INP ønsker å utvikle kommunen vår i positiv retning ved å jobbe for fleire, og gode arbeidsplassar og trivsel. Med fleire nyetableringar på trappene er det svært viktig at alle relevante partar snakkar saman, slik at vi kan sikre bedriftene naudsynt kompetanse og arbeidskraft, og skape eit godt bu-miljø for lokale og tilflyttarar.

Vi ser eit stort potensiale i alle dei ulike tettstadane både på nordsida og sørsida av fjorden, og ønsker oss endå tettare samarbeid og dialog mellom ulike aktørar, også på tvers av tettstadane. Vi må spele kvarande gode. Lokale bedrifter og kommunen har ei viktig rolle i dette, men vel så viktig er alle dei frivillige laga og organisasjonane og menneska som står bak.

For lokalsamfunna er nærskulen ein viktig arena på mange måtar. INP meiner at vi må sjå på moglegheiter for vekst, mellom anna ved å gjere skulane våre meir attraktive enn nærskular i andre kommunar. Dei lokale skulane må få handlingsrom til å spele på kvalitetar i nærmiljøet, og kommunen må legge til rette for oppbygging av gode læringsmiljø og vidareutdanning.

For barn i skule og barnehage syner forsking positive effektar av leik, fysisk aktivitet, handskrift og lesing i bøker. Å sette elevane framfor ein skjerm i matpausen strir for eksempel i mot retningslinene til Helsedirektoratet, og gir elevane endå meir input framfor ein heilt naudsynt pause for å klargjere hjernen for vidare læring. INP vil at Høyanger kommune skal ha skjermfri i matpausen på alle skulane. Vi vil også fremje verdien av praktiske- og estetiske fag og metodar.

Vidare har INP som mål å gjere biblioteka i kommunen til ein endå meir attraktiv samlingsplass for alle. Vi vil ha fokus på ulike aktivitetar i regi av biblioteket og bidra til at fleire tar del i denne delen av kulturlivet i kommunen. Det er også viktig å ha andre tilbod, særleg til ungdom som ikkje er aktive i idretten.

Når det gjeld eldreomsorg har INP eit krav om at dei eldre og pleietrengande i kommunen skal verte teken godt vare på. Saman med dei tilsette i helsesektoren fortener eldre respekt og verdigheit. Kommunen har difor eit særskild ansvar for å sørge for at helsepersonell har gode arbeidsvilkår, inkludert gode relasjonar mellom tilsette og leiarar.

Høyanger kommune er ein av dei største arbeidsgivarane i kommunen. Det er difor naudsynt å sjå på organiseringa av eigne ressursar. Korleis kan kommunalt tilsette bidra endå meir for våre innbyggjarar? Ein må med jamne mellomrom sjå på organisering, oppgåvefordeling og ansvar som følger med dei ulike stillingane.

Vi i INP er sikre på at vi vil vere eit viktig bidrag til kommunestyret. Vi skal lytte til folk i heile kommunen, og vi vil fremme gode forslag og utfordre med våre innspel og idéar. På den måten kan vi bidra til vidare utvikling av Høyanger kommune.

Stem nytt, stem INP.

Jan Erik Dregelid
Ordførarkandidat Høyanger INP