Staten Israel kan kome til å annektere Vestbreidda. Det kom fram for ei veke sidan i ein uttale frå FN sin generalsekretær António Guterres.
Gutteres sa, i følgje NRK, dette: «– Høytstående israelske tjenestepersoner snakker åpnet om formelt å annektere hele eller deler av Vestbredden i løpet av de neste månedene» og at: «En slik annektering vil utgjøre et alvorlig folkerettsbrudd.» Staten Israel blei oppretta i 1948 og innebar at 750000 palestinarar måtte flykte frå området. Det neste var seksdagarskrigen i 1967. Då kom 300000 palestinarar på flukt. Staten Israel annekterte Aust-Jerusalem og dei beslaga Golanhøgdene. I denne krigen okkuperte staten Israel også Vestbreidda og Gaza. Vi veit no at staten Israel sitt militærapparat har bomba og rasert mesteparten av Gaza og at 46000 menneske er drepne (men mange har langt høgare tal). Og no er det også fare for at staten Israel vil annektere Vestbreidda! Dette må ta slutt! Det palestinske folket må få sin eigen stat. USA-presidenten Trump har sagt at nabolanda Egypt og Jordan må ta mot (deler av) den palestinske befolkninga i Gaza. I følgje NTB 26. januar (referert i Vårt land) brukte Trump «uttrykket ‘clean out’ som kan omsetjast til å ‘rydde ut’, ‘tømme’ eller ‘rengjøre’». Det seier sitt og det er ein felles politikk frå USA og staten Israel si side å tømme Gaza, kanskje også Vestbreidda, for å etablere «Stor-Israel». Kva må vi gjer i ein slik situasjon? Det må innførast internasjonal våpenblokade av staten Israel. Den norske regjeringa må ta initiativ til dette og samtidig sikre at norske våpenprodusentar ikkje leverer våpen/våpenkomponentar til Israel verken direkte eller indirekte. Oljefondet må trekkje sine investeringar i bedrifter/selskap som er knytt til staten Israel sin ulovlege okkupasjon av palestinske område. Raudt Høyanger oppfordrar innbyggjarane i Høyanger kommune til å unngå kjøp av varer, matvarer, grønsaker og frukt som er dyrka innafor staten Israel eller i område som er okkuperte. Årsmøteuttale frå Raudt Høyanger v/ Einar Rysjedal, leiar