Utteken til rekrutteringslandslaget


Lisa Måren Løseth (17) frå IL Høyang er ein av i alt seks utøvarar frå Sogn og Fjordane som er uttekne til rekrutteringslandslaget i friidrett i 2019.

Ho er einaste som er utteken i kappgang.

– Eg var litt spent på om eg ville bli teken ut, med problema eg har hatt denne sesongen. Så eg vart svært glad då eg nyleg fekk beskjeden om at eg var med neste sesong, seier Lisa Måren Løseth til Ytre Sogn.

I år fekk nemleg 17-åringen frå Høyanger både oppkøyringa til sesongen og mykje av sjølve sesonger øydelagt, blant anna på grunn av sjukdom. Det gjorde at ho gjekk lenge utan å kunne trene. Først mot slutten kom det seg.

– Spesielt junior-NM på Bislett i Oslo i august var oppløftande. Då vart det 3. plass på 3 000 meter kappgang, og eg sette ny personleg rekord, med tida 15.07, seier Løseth, som trur ho kunne vore med og kjempa om gullet om det ikkje var for problema tidlegare i sesongen.

– Forhåpentlegvis slepp eg det same neste sesong.

Les meir i Ytre Sogn fredag!