Utkant-festivalen avventar



Utkant vel sjå an korleis situasjonen utviklar seg før dei bestemmer seg for om årets festival skal avviklast.

- Førebels vel vi å sjå utviklinga an. Juli er framleis så langt unna at det er for tidleg å fatte ei avgjerd no. Det blir nok ikkje gjort før nærmare sommaren for vår del, seier festivalsjef Viggo Randal til Ytre Sogn.


Årets festival i Skjerjehamn går etter planen av stabelen frå 23. til 26. juli, med namn som Aurora og Kråkesølv på artistlista.



Tidlegare i veka vart det klart at Balejazz i byrjinga av mai er avlyst som følgje av koronapandemien.