Turist døydde etter fall frå cruiseskip

Ein mann døydde etter han natt til torsdag fall over bord frå cruiseskipet MSC Euribia. Høyanger politistasjon har starta etterforsking av hendinga.


Hendinga skjedde utanfor Lavik, og Hovudredningssentralen fekk melding klokka 02.07 om at ein mann hadde falle over bord frå cruiseskipet MSC Euribia. Det melder BT på sine nettsider.

Fergesambandet mellom Lavik og Oppedal vart innstilt for å delta i leiteaksjonen.

Ifølge BT vart det klokka 02.44 gjort funn av ein person, som vart henta opp i ein lettbåt. Mannen vart frakta med redningshelikopter til Haukeland universitetssjukehus, der han vart erklært død.

– Mannen var passasjer om bord og ut ifrå dei opplysningane vi har, er dette ein utanlandsk statsborgar. Han var på båten saman med ektefellen si då ulykka skjedde, seier jourhavande jurist Eli Andrea Skaar i politiet til BT.

Tenesteleiar ved Høyanger politistasjon Kristoffer Jordal Lønning seier til BT at politiet har starta etterforsking av hendinga.

– Dette er koda som eit mistenkeleg dødsfall. Vi har fleire hypotesar. Det kan vere ei ulukke, ei kriminell handling, eller ei vilja handling.