Startar opp lunsjtilbod på «Telegrafen»

Om alt går etter planen vil det denne veka bli liv igjen på kjøkenet i Storgata 5 i Høyanger.


For dei fleste er Storgata 5 staden der KaffeTelegrafen heldt hus fram til 2023. Dei nye eigarane av bygget, ArtSys Solutions, vil no i samarbeid med Veronica Nessestrand som var del av KaffeTelegrafen starte opp eit nytt lunsjtilbod og bakeri.

Lars Jonas Pedersen driv ArtSys Solutions AS saman med Anders Gimmestad Gule, Han fortel dette er ein ide som har fått utvikla seg over litt tid.

– Vi overtok bygget i vår, og gjennom sommaren har vi hatt dialog med Veronica og kasta litt ball for å lande på eit bærekraftig konsept. I sommar hadde vi «pilotlunsjar» der vi inviterte vener og slekt til test-lunsj. Dette fungerte bra og vi fekk veldig god respons på maten, så no vågar vi oss litt frampå. 

Konseptet er i første omgang som følgjer. Bestill bakevarer bakt frå botnen på nett, både av typen påsmurt og utan.

Aniskringler er ikkje så vanleg på desse trakter, men er tradisjonsbakst på Sunnmøre.

Pedersen understrekar at dette ikkje er KaffeTelegrafen som gjer comeback, og at det ikkje blir nokon kafé i lokala.

– Hos oss må folk bestille på nett dagen før, og det blir ope for henting i avgrensa tidsrom. Vi startar også i det små og set fredagen som fast «lunsjdag», og så ser vi marknaden litt an. Vidare har vi nokre førespurnader om møtemat til bedrifter, så det blir gjerne noko vi satsar på.

Pedersen håpar på god mottaking av det nye tilbodet.

– No startar vi pent og forsiktig, og ser om dette er noko Høyangerfolket vil ha. Det blir nok mykje læring i starten, og sikkert ting som må justerast. Nettsida trur eg skal vera klar på bake.artsys.no om nokon vil ha lunsj alt denne veka.