Varslingsanlegget gjekk av:

–⁠ Trykte på feil knapp


Torsdag morgen klokka 09:03 vart det sendt ut ei varsling frå sirene-anlegget til Sogn og Fjordane Sivilforsvar, som i følgje inspektør Birthe Lysne var eit uhell.

– Normalt så testar vi anlegget vårt to gonger i veka, der eg denne gongen diverre trykte på feil knapp slik at det også vart lyd.

Lysne fortel at Sivilforsvaret har varsling to gonger i året.

– Då informere vi på førehand, slik at folk er klar over det.

Lysne beklagar uhellet, og håpar at folk ikkje vart unødig uroa over alarmen.

– No får eg berre krysse fingrane for at eg ikkje blir kjendis grunna denne glippen, seier ho med eit lite smil.