– Vi har ei jente i bygda, Aud Dagrun Lassemo, som har erfaring med stolpejakt og som har besøkt fleire stadar som har slike løysingar. Ho tok det opp med oss i grendalaget om det kunne vere noko for Leirvik. Tilbakemeldinga frå oss var «berre sett i gong», og ho tok oss på ordet!
Det fortel Arne Dale i Leirvik Grendalag. Med god hjelp også frå andre lokale krefter, slik som «gutta på tur»-gjengen, som har teke seg av det praktiske, har det i seinare tid kome på plass 54 ulike stolpar i Leirvik og nærområda. – Måten dette fungerer på er at folk leitar etter desse stolpane og scannar dei med telefonen sin i appen Stolpejakten når dei finn dei. Så det er ei slags skattejakt dette, og liknar kanskje litt på Pokémon Go, som har vore veldig populært dei siste knappe ti åra. Måndag var det altså offisiell opning av ruta i Leirvik, og tradisjonen tru når det er noko som skal opnast der, så var det ordførar Kjell Eide som stod for opningsjobben. – Vi har hatt ein del aktivitet og prosjekt her i Leirvik dei seinare åra, mellom anna gjennom LivOGLyst-ordninga, så det har blitt litt ymse opningar og markeringar. Då pleier vi å invitere ordføraren som alltid stiller opp, så det har blitt ein fin tradisjon. Noko for alle Stolpejakten er ei allmennyttig foreining som skal bidra til å auke den fysiske aktiviteten blant folk flest i heile landet. Dei bistår til å etablere stolpejaktløyper over heile landet, og rettleiar og hjelper lokale krefter så løypene blir best mogleg. – Det er fire kategoriar med stolpar med grøn som dei enklaste – dei skal ein også kunne nå ved hjelp av rullestol eller sykkel – til svart, som er dei vanskelegaste. Her hos oss har vi stolpar nede i bustadområda i og rundt Leirvik sentrum som dei lettaste, og oppe på nokre fjelltoppar i nærområdet som dei vanskelegaste. Så her skal det vere stolpar å finne for alle, uansett form og fysiske føresetnadar.Prøveprosjekt Stolpejakt har blitt ein populær aktivitet mange stadar, og Dale har stor tru på at det også vil bli mange fastbuande og tilreisande som ønsker å leite etter stolpar også i Leirvik. – Vi tek dette året som eit prøveprosjekt. Det er mange som har premieringa ut frå kor mange poeng ein klarer å samle, noko vi ikkje har enn så lenge. Men om det skulle vise seg at løysinga blir populær vil vi sjølvsagt vurderer å gjere meir ut av den. Vi vil få statistikk på aktiviteten i løypa vår, og vil etter kvart ta ei evaluering ut frå den.