Laurdag den 8 mars, rundt klokka 14.30, losna store steinblokker i bergveggen mellom Kvernhaugtunnelen og Hovdetunellen. Arvid Fimreite observerte ein stein i køyrebana og han beskriv korleis neste stein «kom utan ein lyd». Han reagerte fort og fekk rygga. Han fekk og forhindra fleire bilistar frå å køyre inn i feltet. Steinane som kom ned, var på storleik med bilar. Dei store steinblokkene trefte heldigvis denne gongen berre asfalt, autovern og fjorden.
Kvart år er vi van med mindre steinsprang og ras, og vi har vore isolerte i retning Balestrand og Kyrkjebø. Denne gongen vart vi skremde. Vi såg bileta av dei store blokkene. Mange vart svært bekymra. Dette kan vi sjå ved å lese innlegg på sosiale medier. Siv Anita Gudvangen samanliknar korleis ein stenger vegen andre stader (E6), i ei periode og uttrykkjer ynskje om at rasstaden mellom våre tunellar, skal undersøkast skikkeleg. Ho spør om det er mindre nøye på stader der det bur færre? Desse spørsmåla er viktige. Dette er pendlarveg og skuleveg. Her køyrer pendlarar dagleg mellom Vadheim, Kyrkjebø og Høyanger. Her går skulebussen kvar skuledag. I veka som var, hadde foreldre høve til å halde borna heime. Ungdom utanfor tunellane fekk tilbod om heimearbeid. Vi var oppfordra til å halde oss i ro. Steinane kom etter at vi alle hadde senka skuldrane. På ettermiddagen laurdag den 8.mars, var det kvinnedagsarrangement i Høyanger. Fleire skulle ut på vegen. Bilisten som fekk rygga vekk, var heldig, men kan vi basere oss på flaks? Bør det ikkje hentast inn meir ekspertise og leggast planar for auka tryggleik. Det gjekk fram av infoen på vegvesenet sine sider, at det er vanskelege omkøyringsalternativ, om denne vegen stengast, men, den aktuelle dagen vart det sett inn båt. Vi har heilårs isfri fjord, kai med parkering på Nordeide og kai i Høyanger. Allereie no har vi nokre dagar i veka, båtsamband med Høyanger kai. Det går an å finne alternativ, medan ein utbetrar dette stykket. Vi i Sv meiner at ein må gjere kva ein kan for å sikre pendlarar og elevar trygg reiseveg, og det må kome i gong snarast. Korleis ein gjer dette, må ekspertisen avgjere, men vi ynskjer at dette området vert undersøkt og sikra, slik at vi her kan ferdast trygt. Ingun S. BergHøyanger SV