I budsjettmøtet i desember i 2022 vart det vedteke at det skal byggast ein Carport ved Lavik helse- og sosialsenter i løpet av 2024. Behovet for å sette tenestebilar under tak her har vore tema i ei årrekke, men ei løysing har latt vente på seg.
Grunnen til det er at eit «blålysbygg» har vore under planlegging i Lavik dei siste åra, og at kvar desse kommunale bilane skal stå parkert har vore innlemma i diverse forstudiar for dette bygget. Eit eige «blålysbygg» har også latt vente på seg, så no er Høyanger kommune igjen i gang med planlegginga av ein Carport. Ordførar Petter Sortland har bedt kommunedirektør Ørjan Haram om å sjekke status og framdrift i saka, og kommunedirektøren har gitt ei tilbakemelding om at eit anbod på ein Carport vil bli lyst ut snarleg, med håp om byggestart i 2024. Haram bekreftar ovanfor Ytre Sogn at eit anbod skal lysast ut no straks. Einar Rysjedal i Raudt tek til orde for fortgang i saka. – Behovet for ein slik Carport har vore tema i snart ti år, og kom etter kva eg kjenner til i si tid opp som ei arbeidsmiljøsak. Ting har tatt tid, men no får vi håpe at prosessen blir rask, og at Carporten kan kome på plass før vinteren for alvor set inn.Behovet for parkering under tak for kommunale bilar i Lavik har vore tema i snart 10 år, men no ser det omsider ut til å kome ei løysing på plass.
Truleg også carport i Lavik
Kommunale bilar i Lavik kan snart få tak over hovudet.