Desse damene sytte for at alle fekk rikeleg med graut. Frå venstre Aase Hesjedal, Helga Dåvøy og Ann Kristin Lillehauge.

Triveleg grautfest i Kyrkjebø Sanitetslag

Torsdag kveld arrangerte Kyrkjebø Sanitetslag sin tradisjonelle grautfest. Sjølv om det var sjukdomsfråfall, så fann 28 kvinner og menn vegen til det fint pynta lokalet.


Leiar i Kyrkjebø Sanitetslag, Helga Dåvøy, ønskte velkommen og Finn Trædal akkompagnerte til julesongane på trekkspel. Spesielle gjester er damene frå Vadheim Sanitetsforening som tykte det var kjekt å bli inviterte.

Lokalet til Kyrkjebø Sanitetslag var fint dekka til grautfest.

Graut med mandel
Den gode grauten gjekk rundt fleire gongar og folk forsynte seg godt. Deretter var det kaffi og attåt vanka det moltekrem og krumkaker. To hadde funne mandel i grauten og fekk kvar sin marsipangris. Det var opplesing av gode historiar der forsamlinga fekk seg mang ein god latter.

Åresal
Åresal høyrer med når saniteten har samling og denne kvelden var ikkje noko unntak. Mange fine premiar vart lodda ut og vinnarlukka var som før – ujamt fordelt. ”Deilig er jorden” som avslutning skapte god julestemning i det folk tok på heimveg.