Trampeklapp etter filmpremiére


-Eg håpar at folk her sit igjen med ei lita kjensle av stoltheit, for det har dei all grunn til, seier ein rørt filmregissør Johan Moen etter premièren av filmen «Industristaden Høyanger 100 år» fredag kveld.

Mange hadde teke turen til Høyanger samfunnshus denne première-kvelden. Der fekk dei gå på raud løpar, og vart ønskja velkomne av kultursjef Anita Nordheim, tidlegare verkssjef Wenche Eldegard og ordførar Petter Sortland.

Filmen som regissør Johan Moen har laga, er ei skildring av korleis Høyanger feira 100 års-jubiléet sitt, samt eit historiske tilbakeblikk på industristaden.

– Til filmen valde eg ut noko av det som hende i jubileumsåret 2015, som til dømes kulturskift, 1. mai- feiring og hovudfeiringa av jubiléet i august for å nemne nokre, fortel han.

Les meir i papirutgåva tysdag!