Til topps i finkjolar


- Å skape felles opplevingar, meir enn berre fjellturen, var tanken bak, seier Ingunn Indrebø om biletet av ein gjeng strålande damer på toppen av Bukkenipa i Vadheim - alle ikledd finkjolar.

Turen var i regi av Vadheim IL for å samle inn trimbøker, og det valde ein i år å gjere til ein fellestur. Den er på om lag ei mil, tur-retur. 



- Då eg la ut informasjon om turen på facebook-sida «Det skjer i Vaim» oppfordra eg samstundes damer til å ta med kjolar til ein fotosession oppe på toppen. Eg visste jo at det ville gje bra bilete, og så tenkte eg at det kunne appellere til at fleire vart med, seier Indrebø.



Og det gjorde det.



- Det handlar om å skape felles opplevingar, på tvers av alder og kjennskap. 



Turen starta på Markeset laurdag føremiddag, og gjekk i varmt, fint haustvêr oppover til Bakkenipa, 831 moh.



Ho fortel at det bles godt på vegen opp.



- Bukkenipa låg faktisk litt i le denne dagen. Vanlegvis bles det godt der oppe. Men vi fekk i alle fall litt vind i skjørta, seier Indrebø og fortel att ei hadde det veldig kjekt.



- Og så fekk vi mange bra bilete.



Om det blir fleire slike turar, er ikkje bestemt. 



- Men då er Fløyen og Klumpen gode alternativ.