Teater Vestland med ny satsing

Etter framsyninga av «Tollak til Ingeborg» i Høyangerhallen sist fredag fekk vi ein prat med teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.


Både ho og inspisient John Kaare Hoversholm rosa opplegget i Høyanger, der det alltid er servering av kaffi og kaker før framsyningane. Dette gjer det mogeleg for publikum å møtast til ein prat om dei forventningane dei har til teaterstykket dei skal sjå. 

– Det er ingen andre stader som gjer dette, sa Hoversholm med eit smil. 

 

Ny satsing
Teatersjefen kan fortelje at dei nyleg har fått tre millionar kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til å utvikle eit nynorsk læringssenter for skodespelarar. 

– Vi er veldig glade for å ha fått ei økonomisk plattform til å etablere eit scenespråksenter i Nynorskhuset i Førde. Her vil vi starte ei vidareutdanning for skodespelarar med fordjuping i nynorsk, smilte ho.

Ho fortel vidare at det ikkje er heilt enkelt å spele på nynorsk for ein skodespelar med dialekt frå austlandet. Som skodespelar på Teater Vestland må dei både ha ein språkovergang og ein dialektovergang. Andrine Sæther har i rolla som Ingeborg hatt ein såkalla språkmodell, der replikkane blei lesne inn på band (for å nytte eit gammalt uttrykk) og dialektcoach i prøvetida. 

– Språk og dialektar har med identitet å gjere. Det er difor viktig å uttrykke språket og dialekten så identisk som mogeleg på scenen og som skal passe til akkurat den karakteren. Skodespelarane må få denne kunnskapen frå ein stad. Å starte Nynorsk scenespråksenter er viktig for å ivareta nynorsken både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Det er ein entusiastisk teatersjef som fortel at allereie på måndag skal ho, saman med ordførar Jenny Følling og varafylkesordførar Stian Davies, til Oslo. Der skal dei møte statssekretæren i Kultur- og likestillingsdepartementet og legge fram søknaden om faste midlar til utviklinga av scenespråksenteret i Førde. 

– Vi er godt rusta for å få dette til i Nynorskhuset. Der har vi kompetanse på fleire nivå og under same tak, med fleire medieverksemder saman med Teater Vestland.

Ringen er slutta
Cecilie Grydeland Lundsholt vart fødd i Førde der mor og far flytta i samband med at sjukehuset var nytt. Mor var jordmor og far vernepleiar. Då Cecilie var 3½ år flytta familien til Tønsberg og seinare til Gjøvik. Dermed vart austnorsk hennar naturlege talemål, men i alle sommarferiar har dei vore attende her i vest. Etter fullført teaterutdanning var det ein stad ho hadde lyst til å jobbe og det var i Førde og no er ho teatersjef for Teater Vestland. Og som mora hennar har sagt: ”No er ringen slutta”.