Sydenstemning og jubel i Vadheim

Sol og deilig sydentemperatur i fjorden byr som kjent til bading og fest, og slik er det og i superbygda Vadheim. På sommarfest ved fjorden torsdag 15. juni  kunne vaimingane nyte investeringane gjort av Vadheim idrettslag for  inntektene frå forårets andeløp.


Vadheim idrettslag har investert i mykje gratis utstyr til bruk sommerstid for innbyggjarane i bygda. Det er kanoar, redningsvestar, SUP-brett og nytt i år; vasstrampoline og vollyballnett som kan nyttast av barn og vaksne som er busett i bygda vår og tilreisande. 

Denne ettermiddagen i juni inviterte idrettslaget til open grillfest og offisiell opning av vasstrampolina plassert uti sjøen ved naustet på Nedre Hovland. Vel 80 vaimingar og vener i alle aldrar deltok.

Det vart nokre timar med yrande liv uti og attmed sjøkanten. Grillpølsene fekk knapt bli ordentleg varme før dei var vekke. Vasstrampolina vart ein særs populær samlingsplass for ungane, og dei som hadde att enno litt energi etter at sola gjekk ned fekk testa volleyballferdighetane sine over splitter nytt volleyballnett. Sommaren i Vadheim vart og innvia med rib-båtturar ut på fjorden, sponsa av Bork feriehus. 

Flaggheising
Det skal ikkje leggast skjul på at det denne ettermiddagen, 15. juni 2023, vart og heist flagg i bygda for å feire ei klok avgjerd i kommunestyret i kommunetettstaden Høyanger. Elevane i Vadheim får behalde nærskulen sin, og det er ingen grunn til at vi ikkje skal ha det slik i mange år framover for å sikre kommunen vår ei berekraftig og veksande bygd ved porten til Sunnfjord.

Og det skjer alltid noko i Vadheim! Allereie neste helg, den 24. juni, arrangerer musikklaget og skulemusikken i bygda den årlege Vaimamarknaden. Og då håpar vi mange tek vegen til superbygda.

Vi har mykje spennande å by på!

Jorun Systad og Heidi Beinnes