Sunnfjord gløymer ikkje Høyanger


«Gløym det, Hydro» er tittelen Firda nyttar etter å ha snakka med kommunepolitikarane i Sunnfjord. Underforstått at sunnfjordpolitikarane ikkje bryr seg om Hydro sitt utsegn om at utan nye kraftkontraktar så ser det alvorleg ut for Høyanger samfunnet.

Eg føler meg trygg på at Høyanger verken gløymer Hydro eller si eiga framtid, og at kommunestyret i Høyanger den 31. oktober derfor vil seie ja til ei konsekvensutgreiing (KU) om Snøheia. På same måte er eg trygg på at sunnfjordpolitikarane hugsar på både Høyanger samfunnet og si eiga framtid, og seinare i haust vil seie ja til ein KU.

Eg ser at argumentet mot ein KU er at «vi veit nok». Dette minner meg om leiaren av det amerikanske patentkontoret som i 1899 vil legge det ned fordi «alt som kan oppfinnast er oppfunne». Eg nektar å tru at sunnfjordpolitikarane er der.

Vi snakkar no ikkje om å seie ja eller nei til vindkraft på Snøheia. Politikarane skal i haust berre ta stilling til om dei ønskjer meir kunnskap om prosjektet. Først om eit par års tid - når ein KU ligg føre og vi har fått kunnskap om ulemper og fordelar - skal lokalpolitikarane ta stilling til om dei ønskjer vindkraft på Snøheia. Dei står då fritt til å kunne seie nei til vindkraft. Kva er då utfordringa med å vite meir?  

Ein stor fordel med fornybar energi er at det gjev store verdiar til grunneigarane og dermed grendene som ligg nær Snøheia. Sjølv om konsesjonsperioden berre er på 30 år veit vi at vindkraft, på same måte som vasskraft, i praksis er evigvarande. Sjølv ved ei avgrensa utbygging på 1 twh vil dette skape verdiar i dei nærliggjande grendene på omlag kr 600-700 mill. Tilsvarande vil det gjennom årlege inntekter skape noverdiar for dei to kommunane på nærare kr 1,5 mrd. Halvparten av desse verdiane vil gå til Sunnfjord kommune og til grunneigarar i Sunnfjord.

Som nemnt er eg trygg på at Høyanger seier ja til ein KU. Dersom Sunnfjord skulle seie nei til KU er det mogleg å byggje vindmøllene innanfor Høyanger kommune.  I så tilfelle vil naturlegvis verdiane i sin heilskap gå til Høyanger kommune og til grunneigarar i Høyanger.  For dei i Sunnfjord som meiner at det er store ulemper med vindkraft på Snøheia så vil Sunnfjord i ein slik situasjon sitje igjen med ulempene og Høyanger med inntektene. 

Dei verkeleg store fordelane med ei eventuell vindkraftutbygging er likevel det grunnlaget det kan gje for industribygging framover. Olje og gass næringa har tent Noreg godt, men eg pleier å seie at O&G byggjer statskassa og Oslo, mens fornybar energi byggjer lokalsamfunna.

Førde er eit servicesenter. Førde lever av omlandet som kjøper varer og tenester her, samt nyttar sjukehustenester frå Førde. Førde heiar på omlandet, og Sunnfjord Utvikling har eit sterkt regionalt fokus. Blir grendene og tettstadane i vårt område avfolka så går det også galt med Førde. Omlandet lever verken av handelsparkar eller sjukehus, men av våre fantastiske naturressursar, her medrekna fornybar energi. Viktigheita av desse ressursane har eg omtalt i min artikkel i Firda den 23.10.23. Eg føler meg trygg på at sunnfjordpolitikarane forstår at desse ressursane er drivarane for at vi skal stå opp mot dei enorme urbaniseringskreftene og sikre at det framleis skal vere mogeleg å bu og investere lokalt.

Det er eit faktum at Høyanger på slutten av 70-talet mista sjukehuset sitt til Førde. Eg kjenner ikkje politikarane i Sunnfjord slik at dei ønskjer å signalisere at dei no også er viljuge til å ta aluminiumsverket frå Høyanger, og det berre med grunngjevinga i at «vi veit nok».

Sunnfjord kommune har det neste største arealet av alle kommunane i Sogn og Fjordane, og det tredje største i Vestland fylke. Som kjent la førre regjering fram ein fagrapport over kor det i Noreg var best å legge vindparkar. I vårt område vart det peika på Høyangerfjellet/Snøheia. Eit eventuelt nei til KU på Snøheia frå politikarane i Sunnfjord basert på at «ein veit nok» må bety at ein då seier nei til all vindkraft innanfor Sunnfjord kommune. 

Politikarane i Sunnfjord veit at både Noreg og verda treng enorme mengder med fornybare energi grunna klimakrisa. Energiminister Terje Aasland seier det klårt – «om vi ikkje mobiliserer for meir kraft så startar avviklinga». Vi veit alle at det ikkje blir innbyggjarane i Oslo som mister straumen. Det blir industrien og næringslivet i distrikta. Konsekvensen blir då at fråflyttinga vil akselerere. 

Alle energiformer har sine ulemper – også vindkraft på land. Eg ser ikkje for meg at politikarane i ein kommune med eit så stort areal som Sunnfjord vil meine at ulempene får alle andre kommunar med langt mindre areal ta seg av, utan ein gong å vise vilje til å skaffe seg kunnskap om det området som fagfolka har peika på som ideelt.

Eg meiner det er mange fordelar med vindkraft på land. Litt humoristisk samanliknar eg vindkraft med ein tablett med følgjande unike eigenskap; den reduserer den globale temperaturen og får samtidig opp temperaturen på distrikt som held på å døy. 

Når det er sagt kjenner eg på ingen måte til alle ulempene med vindkraft på Snøheia. Eg er likevel trygg på at politikarane i Sunnfjord deler mitt syn om at skal vi seie nei til utbygging må det vere kunnskapsdrive. Det føreset ein KU.

Vi må ikkje kome i den situasjonen at våre oldebarn om 100 år, som då alle bur i Oslo, på spørsmål om kvifor forfedrane måtte reise frå Sunnfjord svarar; «fordi dei trudde at dei visste nok».

For ordens skyld opplyser eg om at denne artikkelen ikkje er førelagt resten av styret i Sunnfjord Utvikling.

John Helge Lunde
Styreleiar Sunnfjord Utvikling