Maria Amalie Øverdal (t.v) og Marita Norevik Pedersen hadde rulla fram den raude løparen då dei opna «Glimmer» i Høyanger sentrum laurdag.

Suksessfull opning for Glimmer

Folk strøymde inn dørene i «Glimmer-bygget» då Maria Amalie Øverdal og Marita Norevik Pedersen inviterte til opningsfest.


– Det har vore folk innom heile dagen som er nysgjerrige på korleis vi har fått det her hos oss, og som har gratulert oss med dagen. Vi har utelukkande fått positive tilbakemeldingar og klapp på skuldra for å satse og for å etablere tilbod som ikkje finst i Høyanger per i dag.

Det seier «Glimmer-damene» Maria og Marita etter nokre timar med open klinikk. Dei fortel og om ein heller hektisk innspurt som måtte til for å kome i mål til opninga.

– Klokka 10.45 i dag fekk vi betalingssystemet opp og gå som det siste store som måtte på plass. Og med tanke på at vi opna kl. 11 så var det i siste liten!

Dei to «Glimmer-damene» har hatt som målsetting å skape eit triveleg lokale med god atmosfære, og det har dei med hjelp frå huseigar Odd Magne Skjerping lukkast godt med.

Travelt frå start
Og det var bra at alle systema var på då dørene opna, for det var ikkje berre for å ete kake og sjå seg rundt at folk tok turen til Glimmer på opningsdagen.

– Vi har fått mange bestillingar i dag, noko vi sjølvsagt set stor pris på. Så vi får nok ikkje høve til å legge oss på latsida etter den hektiske sluttspurten, for det byrjar å bli fullt opp med timar og behandlingar framover.

Marita har gjennom det siste året klart å gjere sin klinikk «Maritas velvære» til ein fulltidsjobb, og det samstundes som ho har teke relevant utdanning innan hudpleie, medan Maria framleis har ein jobb ved sidan av klinikken sin.

– Men målet mitt er jo og å berre kunne drive med dette, så det blir spanande å sjå korleis mottakinga og kvardagen blir no framover. Vi har eit veldig breitt og utfyllande tilbod, så vi har stor tru på at det er eit tilstrekkeleg kundevolum her i Høyanger til at vi begge vil få nok å gjere på.


Skryt av huseigar 
Ein viktig årsak til at dei to no har valt å satse på kvar sine klinikkar i eit felles lokale er oppbakkinga dei har fått av huseigar Odd Magne Skjerping.

– Vi kan ikkje få skrytt nok av Odd Magne som har vore veldig på tilbodssida og tilrettelagt for oss i form av oppussing og oppgraderingar. Det gjer det langt enklare å satse og gjere det skikkeleg når huseigar er med på laget, og no gler vi oss veldig til å ta dei fine lokala våre i bruk.