Hydro kjempar ein intens kamp for å få konkurranse-dyktige kraftprisar. Den kampen må støttast, men ikkje med meir vindkraft. Menneske med normale inntekter, har i seinare år blitt hardt ramma av straumprisar som går på levestandard og velferd laus. Dette må ta slutt.
Dette skjer i det landet som, med sine store mengder fornybar kraft, har kome lengst i «det grøne skiftet». Dette skjer i det landet som i normalår ikkje greier å bruke opp krafta si. Vi må eksportere den og får kontinentale og høgare prisar i retur. Og/eller vi sender den ut på sokkelen for at klimautsleppa skal skje utanfor norsk klima-rekneskap. Kraftbransjen, med Statkraft i spissen, køyrer sitt løp og i same spor. Dei vil ha oss til å tru at meir kraft, også helst vindkraft, vil gje lågare prisar. Har det skjedd etter kvart som vindkraft har auka frå 0 til nærmare 10 % av kraftproduksjonen i landet? Bransjeorganisasjonen Samfunnsbedriftene Energi hadde nyleg ein konferanse. Der kom det tydeleg fram at den store auken i uregulert produksjon (bl.a. vindkraft) vil føre til ein sterk auke i verdien av vasskraft. At meir vindkraft vil «auke verdien» for kraftbransjen, vil bl.a. bety auka prisar. Og kraftbransjen har etter kvart blitt regjert av siviløkonomar som ikkje har stort anna i tankane enn å skape «hyggelige tall» - noko dei får med auka prisar. Samanhengen er den at vindkraft, i motsetning til magasinert vasskraft, ikkje er i stand til å levere stabil elektrisk effekt – det vil mangle effekt (fordi vinden ikkje alltid bles like sterkt). I ein slik mangel-situasjon (underskot på effekt), vil vasskraft-bransjen kunne ta seg betre betalt fordi det då er auka verdi på vasskrafta. Hydro sin iver for vindkraft, kan derfor verke litt uforståeleg for mange. Det er derimot lett forståeleg at vasskraft-bransjen ivrar for meir vindkraft – ganske enkelt fordi meir uregulerbar kraft, som vindkraft, aukar verdien av og dermed prisen på vasskrafta deira. Dette møter Hydro Aluminium igjen når selskapet skal fornye kraftavtalane sine med vasskraft-selskapa. Selskapet vil møte dette prisproblemet meir og meir etterkvart som andelen vindkraft aukar. For vasskraft-produsenten Hydro Energi, er derimot verdi-auken av det gode og gir «hyggeligere tall» når krafta ikkje blir brukt til å vedlikehalde og utvikle arbeidsplassar i Distrikts-Norge, men hamnar på børs. Det er vel ikkje slik vi vil ha det? Einar RysjedalTilhengar av levelege straumprisar