Største oppdrag nokon gong for Finio


- No håpar vi på fleire slike jobbar, seier dagleg leiar Fred Åge Hyllestad i Finio om det som er største oppdraget deira til no.

Siste året har dei brukt mykje av tida si på å byggje om det som tidlegare vart brukt som skjelbåt av Florø-bedrifta Aqua Seapro AS, til å bli ein servicebåt for oppdrettsnæringa. 



For dei har oppdraget ein verdi på rundt sju millionar kroner, og bidreg med det stort til at 2020 blir eit nytt rekordår for bedrifta på Sørbøvåg. 



- No har den også fått godkjenninga den må ha, seier dagleg leiar Fred Åge Hyllestad i Finio til Ytre Sogn.



Saman med to av dei som har vore med, Kurt Per Hatlem sig Marko Vujicic, står han og ser på båten med namnet «Solkongen», som no ligg til kai inne på næringsområdet deira. Om ikkje lenge vert den henta - og blir forhåpentlegvis erstatta av fleire liknande oppdrag.



På det meste har 10-12 personar vore i arbeid på båten.



- Vi har jo aldri hatt hovudansvar for eit oppdrag av denne storleiken før, der vi har bygd om ein heil båt. Til vanleg går det mest i vedlikehald, reparasjonar og sertifisering. Vi har difor måtte leige inn andre bedrifter til å gjere det vi ikkje har eigne tilsette som kan, som til dømes elektro. Så dette har også vore god læring for oss, seier Hyllestad og viser til at det å byggje om er meir lønsamt enn å kjøpe nytt.


Les meir i Ytre Sogn!

Under kan du sjå bilete frå ombygginga som er gjort!