Styreleiar Harald Frode Mårstig (t.v) håpar dei kan finne nokon som kan ta over drifta av Ortnevik Nærbutikk. Til høgre i bildet sit butikkmedarbeidar Joar Oppedal klar til å ekspedere både fastbuande og tilreisande kundar.

Søker nokon som kan drifte hjartet i bygda

Om du har ein uforløyst kjøpmann i deg har Ortnevik Nærbutikk ein passande jobb.


Nærbutikken i Ortnevik er ikkje som alle andre bygdebutikkar. Der mange utkantbutikkar er eigd og drifta av kjøpmenn – gjerne med fleire generasjonar av kjøpmenn bak seg – er butikkken  i Ortnevik eigd av folk busett i, eller som har tilknyting til, bygda.

Det har vore ein modell som har fungert godt gjennom 27 år, for butikken har hatt stabil drift og lite utbyting av personell, men no står den ovanfor ei utfordring som må løysast for å sikre vidare drift. 

Noverande dagleg leiar har nemleg funne kjærleiken eit godt stykke frå Ortnevik, og skal flytte. 

Styreleiar Harald Frode Mårstig håpar dei vil finne nokon som vil ta over drifta av den vesle butikken i bygda som er kjent for eit høgt barnetal og eit næringsliv i vekst.

– Vi har ope knappe 20 timar i veka, så dette er ein type stilling der ein gjerne må ha anna arbeid i tillegg. At det ikkje er ei full stilling vi tilbyr gjer nok til at det blir vanskeleg å få nokon til å flytte hit for å ta den, så vi håpar at det er nokon lokale som kan tenke seg å ta over drifta.

Mårstig meiner at rolla som dagleg leiar i Ortnevik Nærbutikk kan vere spanande og innhaldsrik for den rette personen. 

– Det er ganske triveleg å drifte ein liten butikk som dette. Det er ein sosial jobb der ein møter både fastbuande og tilreisande kvar einaste dag, og her er ein herre i eige hus, og kan sette eit eige preg på buikken. Vi får og mange positive tilbakemeldingar på butikken vår, mellom anna på sosiale medier av turistar og andre som reiser med ferja, som synest den er sjarmerande og nyttig å ha når ein ventar på båten.

I desember i 2022 vart 25-års jubiléet til Ortnevik Nærbutikk markert. Gjengen på bildet utgjer ein stor del av kundegrunnlaget til butikken som har klart å halde drifta stabil trass den noko avgrensa marknaden. (Foto: Fredrik Knutssøn)

Tæring etter næring

Ortnevik Nærbutikk har vore sjølve definisjonen på stabil drift dei siste fem åra med ei  omsetning rett i overkant av to millionar, og eit årsresultat rundt null. Det er imponerande nok i seg sjølv når kundegrunnlaget er såpass beskjedent som det er i Ortnevik. Det er og berre to gongar tidlegare i løpet av den 27 år lange historia til Ortnevik Nærbutikk at butikken har måtte søke etter ny dagleg leiar. 

– Nøktern drift har vore nøkkelen til suksess sidan etableringa i 1998. Vi prøver å halde ope når folk har bruk for å handle, og så forsøker vi å ha eit så breitt varutval som mogleg gitt dei rammevilkåra vi har. Vi har ikkje nødvendgvis mange produkt innan same varegruppe, så det er ikkje sikkert du finn nøyaktig det produktet du er ute etter, men sannsynet er stort for at du kan finne eit godt alternativ.

På butikken i Ortnevik finn ein det ein treng av daglegvarer. Utvalet er ikkje nødvendigvis så stort innan kvar varegruppe, men det finst alltids gode alternativ om butikken ikkje har akkurat det produktet som ein er ute etter.

Ikkje sjølvbetjent

Ny teknologi med mellom anna sjølvbetjente kassar har gjort til at fleire utkantbutikkar har starta opp med tidvis ubemanna døgnopne butikkar, noko som også skapar fleksibilitet i arbeidskvardagen til dei tilsette. Mårstig trur ikkje det er eit alternativ med ein slik modell i Ortnevik.

– Eg har undersøkt med butikkar som har gått over til ei slik drift, og felles for dei alle er at omsetninga deira er betydeleg høgare enn den vi har. 

Styreleiaren trur at ein slik overgang vil kunne knekke ryggen på nærbutikken, og meiner at satsinga vil bli for risikabel.

– Det  må ei betydeleg investering til, og sjølv om det finst støtteordningar er eg redd lånet vi må ta opp for å dekke investeringane vil bli ei for stor belastning for butikken når den går akkurat rundt slik situasjonen er i dag.

Bygda stiller seg bak

At butikken i Ortnevik er ein institusjon og ein samlingsstad i bygda er det liten tvil om, og bygdefolket har også engasjert seg i arbeidet med å finne ein ny dagleg leiar. Eit folkemøte har blitt arrangert der situasjonen vart diskutert, og potensielle kandidatar har blitt søkt etter gjennom kreativ marknadsføring i sosiale medier.

– Vi er blant dei minste av dei minste butikkane og dermed sårbare, men vi har bygda i ryggen, og det betyr alt for oss. Butikken er jo eigd av bygda, og er til for bygda. Om ein skal handle andre stadar går det fort ein halv dag berre i reising, så det at det finst eit lokalt tilbod er viktig for mange. Vi håpar derfor at vi kan finne ei løysing på situasjonen, og får ein ny dagleg leiar på plass som kan drifte butikken vidare.

Innbyggjarane i Ortnevik har engasjert seg i å finne ein ny dagleg leiar til butikken, mellom anna gjennom å lage til kreativ marknadsføring som blir spreidd i sosiale medier. (Skjermbilde: Det beste frå Høyanger sørside)