Still opp for Palestina, Grotle og Vereide!


Når det gjeld kritikken av staten Israel sitt militære angrep på Gaza, skal statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide ha stor ros. Dei har gått lenger enn mest alle minister-kollegane sine i andre land. Det er slått fast at staten Israel bryt folkeretten.

Bergens Tidende skriv i dag, 9. november: «Partiene på Stortinget, med unntak av Frp og KrF, deler regjeringens syn på at Israel bryter folkeretten.» Også dette er gledeleg, sjølv om det skulle berre mangle. Om dette er tilfelle, er det ikkje lenger berre avlidne Kåre Willoch av Høgre-toppane som fordømer staten Israel si framferd overfor det palestinske folket.

Men sjølv sterkare ord er ikkje nok. Her strengst tiltak!  

Eg vil minne spesielt Vereide og AP om følgjande uttale:

«hvis det ikke har skjedd en reell framgang mot en tostatsløsning, og byggingen av de folkerettsstridige bosettingene fortsetter, bør Norge anerkjenne Palestina som egen stat.» 

Dette var ein solidarisk uttale frå AP sine medlemar i utanriks- og forsvarskomitéen i 2015 og bør vere ei rettesnor. No i 2023 er situasjonen for det palestinske folket langt verre enn i 2015. No i 2023 utfører staten Israel sitt militærapparat eit systematisk folkemord i Gaza.

Og AP vil ikkje anerkjenner Palestina som eigen stat!  I dag har 138 av FN sine 193 medlemsland anerkjent den palestinske staten. Kva nøler du og AP etter, Vereide, når ditt parti sine folk var så tydelege i 2015?

Og Grotle; er det ikkje snart på tide å leggje seg på same linje som fleirtalet av land i verda?

Forslaget om no å førebu anerkjenning av Palestina som eigen stat, er det første punktet i representantforslaget som Raudt stilte 15. mai og som Stortinget no skal stemme over.

I punkt nr. 2 foreslår Raudt at regjeringa skal fremje ei sak for Stortinget om norsk tilslutning til FNs apartheidkonvensjon.  

Kva grunnar har AP og Høgre for å gå mot dette, Vereide og Grotle? Toler argumenta dagens lys; så kom med det i avisa!

I punkt nr. 3 foreslår Raudt at Stortinget skal be regjeringa sikre eit norsk forbod mot varer og tenester frå selskap og verksemder på okkupert jord produsert i strid med folkeretten.

Er AP og Høgre prinsipielt ueinig i slik boikott mot ein kvar okkupant? Eller skal staten Israel, sjølv etter pågåande folkemord i Gaza, behandlast med silkehanskar, Grotle og Vereide?

Einar Rysjedal
Raudt-leiar i Høyanger