Statleg plan, lex-superior og «tilfeldige» statsrådar sine uttalar


11. oktober hadde Folk For Fjella eit innlegg i Firda under tittelen «Risikoen ved å seia ja til planinitiativ for vindkraft». Der gjer me greie for lovreglane bak mogeleg bruk av statleg plan knytt til vindkraft på land. Avisa Firda kjem fram til noko av det same i ein redaksjonell artikkel 24.10.24.

8. november kjem statsrådane Erling Sande og Terje Lien Aasland på bana med eit lesarinnlegg i Firda. Der skriv dei m.a. at «… statleg reguleringsplan for vindkraft i praksis er uaktuelt».

Lat det vera heilt klart. Folk For Fjella står støtt på dei analysane og konklusjonane me gjer greie for i vårt innlegg 11.10.24.  

Lovforarbeida (prop. 111 L (2022/23)), lovteksten i plan- og bygningslova og energilova, forskrift og rettleiarar styrar prosessane og definerer det politiske handlingsrommet. Politiske uttalar frå «tilfeldige» statsrådar er ferskvare og kan endra seg over natta ved statsrådskifte, regjeringsskifte eller «beleilige» endringar i politiske føresetnader både nasjonalt og internasjonalt. 

Folk For Fjella erfarte dette våren 2022. 11.01.22 hadde me møte med dåverande olje- og energiminister Marte Mjøs Persen. 7. mars same året vart det skifte av statsråd, og Terje Lien Aasland overtok energidepartementet. Me kan vel trygt sei at det vart eit tydeleg retningsskifte både i politikk og intensitet knytt til energiproduksjon generelt og vindkraft på land spesielt.

Mangt eit valløfte og politiske lovnader har opp gjennom åra blitt brote av varierande regjeringar, med meir eller mindre gode bortforklaringar. Gjeldande lov og rett står derimot fast til dei vert endra i Stortinget.

Statsråd Terje Lien Aasland ignorerte høgsterettsdommen om brota på menneskerettar knytt til vindkraftutbygginga på Fosen i 600 dagar. For dette fekk han kraftig kritikk både av Advoktatforeningen og Norges institusjon for menneskerettigheter. Statsråd Aasland har allereie varsla at han, i praksis, vil trekka tilbake kommunane sin vetorett knytt til eit tidleg nei til planinitiativ knytt til vindkraft på land. 

Om regjeringa innfører dette vil dei ha fjerna 3 av 4 stadier i planprosessen der kommunane i dag har rett til å seia nei. Kommunane vil då verta tvinga til å gjennomføra ei utgreiing knytt til eitkvart planinitiativ for vindkraft, i motstrid til lovreglane for all anna arealbruk etter plan- og bygningslova. Dette er også i strid med lovendringane stortinget vedtok frå juli 2023, og det statsråden tidlegare har lova. Kvifor skal me då tru at regjeringa ikkje vil bruka sin lovmessige rett til å oppheva det fjerde stadiet for kommunalt NEI – ved bruk av statleg plan – om trykket frå kraftbransjen og NHO er sterkt nok?

«Lovnaden» frå Sande og Aasland (i den grad utsegna «i praksis uaktuelt» er ein lovnad) i Firda 08.11.24 er det mest truleg ikkje dei sjølve som må følgja opp. Ein prosess med områderegulering og konsekvensutgreiing vil i alle høve ikkje vera ferdig før stortingsvalet hausten 2025. Då vil etter alle solemerke dei to vera erstatta av nye statsrådar i ein ny regjering. Dei vil ikkje vera forplikta av «lovnaden» til Sande og Aasland.

Vårt rettssamfunn er styrt etter Lex superior-prinsippet. Det gjeld også i høve korleis staten kan opptre til vindkraftsaka i Høyanger og Sunnfjord – dersom kommunestyra seiar ja til planinitiativa. 

Lex superior-prinsippet er eit prinsipp som rangerer ulike typar rettsreglar etter nivå. I norsk rett går Grunnlova føre formell lov som igjen går føre forskrift.  Lex superior-prinsippet er eit rettskjeldeprinsipp om forholdet mellom rettsreglar. Etter lex superior-prinsippet skal den rettsregelen med høgast rang gå føre motstridande rettsreglar med lågare rang, uavhengig av om den lågare rettsregelen er nyare og spesielt anvendeleg på rettsspørsmålet.

Dette kan heller ikkje meir eller mindre uavhengige vurderingar frå Lund & co. endra på. (jf. orientering i kommunestyra i Høyanger og Sunnfjord 31.10.24)

Uttalar frå tidlegare statsrådar om «kva som i praksis er uaktuelt» er ikkje ein gong i nærleiken av å vera eit slikt rettsprinsipp – og ingen framtidige statsrådar vil «i praksis» vera butten av slike uttalar.

28. november skal kommunestyre i Høyanger hastehandsama to planinitiativ i eit ekstraordinært kommunestyremøte. Sunnfjord tek seg derimot tid  til å venta til over nyttår før dei skal handsama planinitiativet knytt til Snøheia. 

Dei folkevalde i dei to kommunestyra bør i alle høve røysta ut frå kunnskapen om at det ikkje er sikkert, men fullt mogeleg at Staten grip inn med statleg plan. 

Kanskje er det tryggast å røysta for eit tidleg NEI til dei to planinitiativa som ligg føre.

Eit høve til å seia eit tidleg nei – som statsråd Aasland har varsla at han ønskjer å fjerna snarast råd.

Arnold Matre og Ståle J. Hauge
Folk For Fjella