Startar med reguleringsplan for Tronvik-Ulvåna i år


Strekninga Ulvåna-Merket bør prioriterast å få regulert i første omgang, sidan der her er størst utfordring langs eksisterande veg

Det er konklusjonen i rapporten for fv 55 Tronvik-Ulvåna, som no ligg føre.

- Den gir grunnlag for å starte arbeid med reguleringsplan i år, opplyser Bente Øyre i Vestland fylkeskommune til Ytre Sogn.


Har sett av 300 000

I 2020 gjorde fylkeskommunen vedtak om å starte eit forprosjekt for å få kunnskap og eit fagleg grunnlag  for å vurdere og prioritere kva prosjekt som skal gå vidare til reguleringsplanfase, og for å vurdere kva prosjekt som skal vere med i Vestland fylke sin regionale transportplan, RTP 2022-2033.


Øyre seier at dei har tilrådd å dele strekninga Ulvåna-Tronvik i delstrekningane Ulvåna-Merket og Merket-Tronvik.

- Det er sett av 300.000 kroner i år til oppstart av reguleringsplanarbeid. Strekninga Ulvåna-Merket bør prioriterast å få regulert i første omgang, sidan der er her det er størst utfordring langs eksisterande veg, seier ho.

Det vil ta om lag to år til reguleringsplanen er ferdig, og ho kan ikkje seie noko om tid for oppstart av byggefasen på noverande tidspunkt.

 
- Kan skje utan tunnelar


I rapporten deira, som var ferdig i desember, kjem det fram at det skal vere mogleg å gjennomføre utbetring av strekninga mellom Kyrkjebø og Vadheim på ein overkommeleg måte.

 - Områda ved Ulvåna-Klevold og Frivik er dei mest krevjande, både med tanke på anleggsgjennomføring og trafikkavvikling. Utbetring av vegen kan skje utan bygging av tunnelar, men det må i reguleringsplanfasen vurderast om det kan vere mest hensiktsmessig å bygge tunnel i staden for veg i skjering, til dømes bak Nattvikane, seier Øyre.

Kostnadene for utbetring av heile strekninga Ulvåna-Tronvik er berekna til 300 millionar kroner (tal i 2020-kroner).

Tronvik - Ulvåna ligg i marginallista i handlingsplanen i gjeldande RTP 2018-2027.