Startar arbeid på Ortnevik ferjekai

I perioden frå 25.mai til 4.juni vil ferjekaien i Ortnevik vere stengd for biltrafikk.


Bakgrunnen er at Vestland fylkeskommune skal skifte ut ferjelemmen på kaien.

– Det er ein etter kvart gamal og det vi vil kalle utrangert ferjelem. Difor skal vi no i gang med å skifte den ut, seier Rolf Nordeide, byggjeleiar for kaivedlikehald i Vestland fylkeskommune, til Ytre Sogn.

Arbeidet er kostnadsrekna til mellom to og tre millionar kroner.

– Det er såleis eit relativt lite prosjekt. Det hadde blitt  heilt  andre kostnader med ein større kai. Den i Ortnevik er jo  liten, og har mindre trafikk. 

Stengjer for bilar
Noko førebuande arbeid er starta opp.

– For å gjennomføre sjølve utskiftinga er det naudsynt å stenge kaien for biltrafikk i perioden frå 25.mai klokka 13.30 til 4.juni klokka 12.00. I denne perioden kan ferja nyttast til passasjertransport til og frå Ortnevik etter normale ferjeruter.

Tilrådd omkøyring for dei som må krysse  Sognefjorden med bil er via ferjesambandet Oppedal-Lavik på E39.

– Arbeidet vil kunne medføre noko støy, men då i all hovudsak på dagtid.

.Entreprenør for arbeidet er BMO Entreprenør AS.

Buss og båt
Buss 241 mellom Bjordal - Høyanger køyrer ordinær rute til og frå Ortnevik kai. Det vert sett opp skyss frå Nordeide kai til Høyanger om morgonen, og retur på ettermiddag frå Høyanger kai klokka 12.30. Båten går frå Nordeide klokka 12.45.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.