Håpar på siger i siste kamp

–⁠ Står mellom 4.-, 5.-, eller 6.-plass på tabellen

Etter 4-0 tapet borte mot Studentspretten i helga håpar høyangtrenar Miguel "Miggen" Maureira at laget vil "reise kjerringa" og dreg sigeren i land mot Førde 2 i sesongens siste kamp.


– Dette var ein forferdeleg kamp av oss. Vi var innforstått med at dette var ein veldig viktig kamp, der siger til Høyang og eit tap for Stryn som spelte mot Årdal i helga, ville resultert i at vi hadde klatra opp til ein fjerdeplass på tabellen. Men det gjekk dessverre ikkje vår veg, for vi var rett og slett ikkje på, seier Maureira til Ytre Sogn.
 
Ifølge hovudtrenaren pressa Høyang høgt frå start og skapte fleire gode sjansar utan å få ballen i nettet. 
 
– Midt inne i omgangen, der vi er inne i ein litt dårleg periode, klare motstandarlaget å få inn ei scoring, noko som gjer til at vi blir liggande under 0-1 til pause, fortel han.
 
Han legg til at planen for andre omgang var å slå tilbake med eit meir skjerpa Høyang-lag.
 
– Vi starta bra og heldt trykket oppe dei første 20 minutta, men etter at Studentspretten sette inn mål nummer to gjekk lufta ut av ballongen. Det førte til at motstandarlaget fekk to nye scoringar, eit 67 minutt ut i kampen, og eit etter 79 minutt.
 
Ulike faktorar
Når det gjeld siste kamp og tabellplassering for sesongen, så er det eit par faktorar som vil spele inn.
 
– Vi må prøve å gi alt for å vinne den kampen, og få ei så god plassering på tabellen som mogleg. Vi har framleis ein sjanse til å hamne på fjerdeplass, noko som i så fall vil vere ei kjempegod plassering som Høyang ikkje har hatt på mange år. Men då må vi vinne kampen, og Eid må slå Stryn. 
 
– Dersom vi taper mot Førde 2 og Måløy vinn sin kamp mot Bremanger går dei forbi oss, og då er sjansane store for at vi vil ende på ein sjetteplass på tabellen. 

Høyang møte Førde 2 til sesongens siste kamp i Førde 21. oktober.