Frå 5. oktober set Sparebanken Sogn og Fjordane opp renta med 0.5 prosentpoeng.

Sparebanken Sogn og Fjordane aukar renta

Som følgje at renteendring i Norges Bank, set Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) opp renta, melder dei i ei pressemelding.


Styringsrenta til Norges Bank er no oppe i 1,75 prosent etter ei auke på 0,5 prosentpoeng.

– Vi set opp renta på bustadlån med inntil 0,5 prosentpoeng og innskot med inntil 0.4 prosentpoeng, skriv dei i pressemeldinga.

For eksisterande kundar vil den nye lånerenta gjelde frå 5. oktober, 2022 og innskåtsrenta frå 19. oktober.

– Det vil jo merkast, spesielt for dei som har ein del i lån. Lommeboka vil merke det, men kundane våre er testa for at dei skal kunne tole denne type renteauke, seier Frode Vasseth, direktør økonomi og finans i SSF, til Firda.