Fengsel etter hasj, dytting av politibetjent og brot på besøksforbod

Ein mann i 30-åra vart i Sogn og Fjordane tingrett dømt til 24 dagar fengsel etter fleire lovbrot.


Mannen i 30-åra fekk 24 dagar i fengsel etter å ha blitt kjent skuldig i alle tre tiltalepunkta.

Han skal i fjor sommar ha dytta ein politibetjent da dei oppsøkte ei leilegheit i Høyanger sentrum for å bistå barnevernet i å finne ein person. Mannen har forklart at han hugsar at politiet var på staden, og at han hadde ein diskusjon med dei i døra.
Han kan ikkje hugse å ha dytta politibetjenten, men forklarte at han kan ha gløymt dette da han var rusa. Han tvila derimot ikkje på politiet si forklaring, og har innrømt straffeskuld.

Han vart også dømt for oppbevaring av 35 gram hasj, og for å ha brote eit besøksforbod ved å sende ei tekstmelding.

Retten meinte det var skjerpande at mannen har blitt straffa for tidlegare forhold, «utan at han synes å ha tatt lærdom av dette». Retten vann det derimot formildande at tiltalte erkjente straffeskuld for alle forhold. Det var også formildande at saka har ligge hos politiet i ni månader.

«Den lange saksbehandlingstiden, som ikke kan lastes tiltalte, må antas å ha medført en ekstrabelastning.»

Mannen er ikkje idømt sakskostnadar.