Erlend Brekke forklarar kva som er i graset som kyrne får, og at dei får kraftfôr i tillegg. Elevane var veldig interessert og følgde godt med på kva Erlend sa, og hadde også mange spørsmål. (Alle foto: Randi Sølvi Berge)

Spanande og lærerikt gardsbesøk


6b frå Høyanger skule reiste tysdag på gardsbesøk til Helene og Erlend Brekke i Ortnevik. Der fekk dei mellom anna sjå på mjølkekyr med kalvar, lære om lausdriftsfjøs og mjølkeproduksjon, og kjennskap til korleis enkelte mjølkeprodukt vert foredla vidare.

Dette vart det første gardsbesøket for nokre av elvane, og for Helene og Erlend Brekke vart dette og første gang dei fekk besøk av ein skuleklasse på garden.

– Det var litt travelt for det var veldig mange spørsmål. Det var ein veldig nysgjerrig gjeng som var på besøk, så det vart travelt men veldig spanande. Når du får inputt og spørsmål frå ungdom og barn får du gjerne heilt andre spørsmål enn det du får når du har besøk av vaksne. Så her gjekk det i alt frå kor mange spenar kyrne har til kor mykje ein bonde tenar, seier Brekke og ler godt.

Her har elevane nett fått ei innføring i korleis ein automatisk mjølkerobot fungerer. Dei følgde godt med da ei ku kom for å bli mjølka.

Primus motor
Lærarinna for mat og helse ved Høyanger skule, Wenche Dyrrdal, bur sjølv i Ortnevik og var primus motor for turen. Ho stilte hus og hage til disposisjon, og stod for all matlaginga under turen.

– Dette har eg gjort i mange år no, og er berre gøy. Denne klassen har tidlegare vore på besøk hos Sogn Aqua og sett på kveiteproduksjon der, så denne gangen tok eg kontakt med Tine og Felleskjøpet. Dei har faktisk sponsa heile denne turen, og betalte for ferja og alt. Og i tillegg vart elevane sponsa med nokre smaksprøvar frå Tine og nokre produkt frå Felleskjøpet, fortel Dyrrdal.  

Før denne turen til Ortnevik har klassen mellom anna laga smør og is, og vispa krem og anna som mjølka vert foredla vidare til. Erlend Brekke er tillitsvalt for Felleskjøpet lokalt og dyrlegen i området er tillitsvalt for Tine. Saman med bondelaget i kommunen har desse organisasjonane fokus på informasjon ut til skulane.

– Og ettersom vi har fått ny fjøs her er vi lett tilgjengelege for gardsbesøk. Om 14 dagar kjem og 6a frå Høyanger på gardsbesøk, fortel Brekke.

Spekkhoggarsafari
–  Det vart ein super dag i Ortnevik med 6b som vart avslutta med ein spektakulær og spontan spekkhoggersafari på båtturen heim. Mannskapet på Sylvarnes gav seg god tid slik at vi kunne få nyte synet, fortel klasseforstandar Randi Sølvi Berge.

Helene og Erlend Brekke har to barn, Ole Johannes på seks år og Ella på seks månader. Her er Ella saman med mor og far da elevane fekk ei innføring i korleis eit lausdriftsfjøs fungerer.