Snøheia Vindkraft breier seg mot Høyanger-fjellet


Planområdet for vindkraftprosjektet til Hydro/Eviny/Zephyr på Snøheia er i endring. Før nokon veit ordet av det, kan Snøheia Vindkraft sitt planområde ha nådd Storholsheia (populært kalla berre Heia) og Monsdalsknausen. Då er vindkraft-planane inne på Høyanger-fjellet. Allereie i 2019 melde Fred. Olsen Renewables (FOR) frå til NVE om at dei ville setje opp vindturbinar på Høyanger-fjellet. Det var eit prosjekt som eit einstemmig Høyanger kommunestyre hausten 2019 bad FOR om å trekke. 

Hydro/Eviny/Zephyr sitt motiv for å trekke seg austover, er å kvitte seg med motstanden frå grunneigarar i vest som er mot utbygging, bl.a. i Vadheim, og sikte seg inn mot velvillige grunneigarar i aust. Der møter vindkraft-prosjektet først på eit sameige som består av Sæbø og Hydro. Hydro er grunneigar fordi Hydro eig det som i si tid var Øren-garden.

Snøheia Vindkraft kan derfor tilsynelatande lett få grep om Hydro-delen fordi Hydro kan gjere avtale med Hydro. Lettare kan det ikkje gjerast.

Men kva så med Sæbø sin del av sameiget? Sæbø har gjort avtale med vindkraft-utbyggjar Fred. Olsen Renewables (FOR) og kan truleg ikkje gå frå avtalen med FOR utan vidare. Avtalane mellom grunneigar og vindkraftutbyggjar er nemleg ikkje lett for grunneigar å komme seg ut av.  Men kanskje det stiller annleis dersom pengesummen er stor nok?

Dersom dette skjer, er det ikkje berre naturområda mot Vadheim og på Snøheia og turgleda frå dette området, som blir skadelidande. Planområdet vil då strekke seg aust til Monsdalsknausen og Storholsheia som begge er blant turmåla frå Høyanger-sida. Vil Snøheia Vindkraft stoppe der og la Fred. Olsen Renewables ta resten?

Dersom Snøheia Vindkraft og Fred. Olsen Renewables ikkje berre leikar seg, men meiner alvor: Er det nokon som meiner at eit av desse to fjellområda, Snøheia i vest og Høyanger-fjellet i aust, er mindre verdt enn det andre og kan ofrast? Og dersom Snøheia Vindkraft slepp til på begge sider av Monsdals-dalføret, kva skal hindre dei i å få gjennomslag endå lenger aust? 

Ingunn Kjelstad
Leiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn

Einar Rysjedal
Nestleiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn