Det blir satsa nasjonalt på å betre leseferdigheitene i landet, og kvar er det vel meir naturleg å skaffe seg noko kjekt å lese enn på biblioteket? Dette er bakgrunnen for at alle i Høyanger kommune som no går i barnehagen, men som skal begynne på skulen til hausten, no får utdelt sitt eige lånekort og boka «Saga og Storm og kongens fortenestemedalje» av Veronika Erstad som ein liten «startpakke» for å kome i gong med boklåninga og lesinga.
– No får dei lånekortet sitt som dei skal ha resten av livet, og som dei vil ha god nytte av som skuleelevar og også seinare.
Det fortel biblioteksjef i Høyanger Hege Ølmheim, i det ein ladning med barnehageborn frå Hjetland barnehage troppar opp på biblioteket i kommunesenteret for å få sin introduksjon til det lokale biblioteket.
– Vi gjer litt ut av besøket der vi visar dei rundt og fortel om kva vi driv med og tilboda vi har. Det er Isabella Simmerøy Fjetland hos oss som er ansvarleg for dette opplegget, og ho har også ei lesestund saman med dei små som er innom oss her på hovudbiblioteket i kommunen.
Små forfattarar
Og det var ein alt litterær gjeng som møtte på biblioteket onsdag for å få sin «startpakke». Barnehageborna frå Hjetland er nemleg ikkje berre godt vant til å bli lest for og lese sjølv, dei har og rekt å bli forfattarar, og det av den digitale typen.
– Vi har laga ei bok om maur på iPaden vår. Det er ei fotobok der vi har tatt bilde av maur som vi fant då vi gjekk tur på Høgebakkane.
Og det er liten tvil om at det er kunnskapsrike sakprosaforfattarar det her er snakk om, for Ytre Sogn sin utsendte fekk – litt ut av det blå – eit spontanføredrag om mauren sitt liv og virke.
– Maur likar å ete søtsaker og daude dyr, og dei går aldri sakte. Dei bygger og hus som heiter maurtuer.
Lesetilbod også for dei litt eldre
Sommaren er ei fin tid for lesing, og Ølmheim fortel at biblioteket i Høyanger også i år er med på Sommerles-kampanjen.
– Sommerles er ein digital lesekampanje frå 1. juni til 31. august for dei som er litt eldre enn dei som er her i dag. Her les 1.- til 7.-klassingane det dei vil, og så samlar dei poeng og kan vinne premiar. Vi på biblioteket synest at premiane kanskje har vore litt stusselege her, så vi plar å kjøpe inn våre eigne som vi deler ut i tillegg. Vi handlar artige ting på leikebutikken på Sæbøegården som frisbeear og yoyoar, og så har vi to nettbrett som hovudpremie som alle som er med kan vinne, uansett kor mykje dei les.