Det blir satsa nasjonalt på å betre leseferdigheitene i landet, og kvar er det vel meir naturleg å skaffe seg noko kjekt å lese enn på biblioteket? Dette er bakgrunnen for at alle i Høyanger kommune som no går i barnehagen, men som skal begynne på skulen til hausten, no får utdelt sitt eige lånekort og boka «Saga og Storm og kongens fortenestemedalje» av Veronika Erstad som ein liten «startpakke» for å kome i gong med boklåninga og lesinga.
– No får dei lånekortet sitt som dei skal ha resten av livet, og som dei vil ha god nytte av som skuleelevar og også seinare. Det fortel biblioteksjef i Høyanger Hege Ølmheim, i det ein ladning med barnehageborn frå Hjetland barnehage troppar opp på biblioteket i kommunesenteret for å få sin introduksjon til det lokale biblioteket. – Vi gjer litt ut av besøket der vi visar dei rundt og fortel om kva vi driv med og tilboda vi har. Det er Isabella Simmerøy Fjetland hos oss som er ansvarleg for dette opplegget, og ho har også ei lesestund saman med dei små som er innom oss her på hovudbiblioteket i kommunen.Små lesehestar fekk «startpakke» frå biblioteket
Utstyrt med ferske lånekort er dei som skal begynne på skulen til hausten i Høyanger kommune no klare til å nytte seg av utlånstilbodet på biblioteket.