Skule og oppvekst i Høyanger kommune


Høyanger Arbeidarparti er opptatt av barn og unge sine oppvekstsvilkår i heile kommunen. Vi ønskjer desentraliserte skular for vi veit at det beste er å gå på ein skule nær heimen. Barn og unge er ikkje dei same barna og unge som for nokre tiår sidan. I dag er dei i langt større grad sosiale på dei sosiale media som er tilgjengelege for dei. Dette er ei samfunnsutvikling vi må ta innover oss. Dei er også i langt større grad enn tidlegare utsett for falske nyhende, kroppspress osv. Det har vore ein debatt i media der det blir hevda at elevar i skulen nyttar for mykje digitale verktøy. Slik er det ikkje i Høyanger kommune. Her får alle elevane lærebøker, og det digitale vert nytta som supplement. Lærarane våre er bevisste på denne bruken. Samstundes kan ein ikkje gjere elevane til digitale analfabetar. Korleis skal dei då lære seg kjeldekritikk, få med seg nyhende, finne informasjon osv. Etterkvart som dei kjem på vgs vil dei møte på heildigitale eksamenar, og har ein ikkje brukt digitale verktøy, vil ein fort få problem. Enkelte fag er i slik rivande utvikling at læreboka er utdatert før skuleåret er over, difor er det særs viktig at elevane kan manøvrere i det digitale landskapet. Høyanger Ap har stor tiltru til at skulane gjer det som er best for alle elevar. 

Det har også vore hevda at ein leksefri skule er viktig. Vi i Ap meiner at det å gripe inn i den pedagogiske kvardagen til lærarane er skivebom. Det er dei som er utdanna innanfor dette som best kan avgjere om ein skal ha lekser eller ikkje, ikkje vi politikarar som ikkje kjenner til skulekvardagen.

Barnehagen har hatt ei rivande utvikling dei siste åra. Her vert det stilt langt større krav til innhaldet i kvardagen. Til det trengs det barnehagelærarar, som har det faglege i ryggrada. Vi er heldige som har så mange dedikerte barnehagelærarar i kommunen vår, men ser samstundes at det også her er mangel på utdanna lærarar. I tillegg er vi bekymra for at dei som arbeider i barnehagane ikkje klarer å stå så lenge i jobb som andre yrkesgrupper. Høyanger Ap vil halde fram med å ha fokus på tal pedagogar i barnehagane våre, vi vil også sjå på tiltak for å få dei tilsette i barnehagane til å vere lenger i jobb dersom det vert naudsynt. Det same gjeld for assistentane i barnehage og skule. I tillegg ønskjer vi at desse skal få tilbod om utdanning dersom dei er ufaglærte. Denne gruppa er ei viktig støttegruppe i både skule og barnehage.

Stem Arbeidarpartiet! Stem på Petter Sortland som ordførar!

Hege Rusti
Leiar i Utval for oppvekst for Arbeidarpartiet