Skremt over at ingen andre stoppa


Kenneth Gjermundstad tykkjer det er skremmande at ingen andre bilistar reagerte på det som skjedde rett ved busslomma på Kyrkjebø.

- Dei kan ikkje ha unngått å ha sett det. Sjølv kom eg køyrande som sistemann i bilkøen som hadde samla seg etter tunnelarbeidet lenger inne, og reagerte med ein gong då eg såg dei tre ungane i skulealder på gangvegen lenger framme. Den eine stod og sparka på den andre, som låg på bakken, medan den tredje stod og såg på. Så med ein gong eg kom fram svinga eg inn på busslomma rett før, slik at eg fekk stoppa det, seier Kenneth Gjermundstad om hendinga i førre veke.

På bein strekning


- Men det som kanskje var det mest skremmande var at ingen av bilane framfor meg reagerte. Det var i alle fall 10-15 bilar i køen, slik det er på den tida av dagen når trafikken er større. Men dei køyrde berre rett forbi, seier han til Ytre Sogn.

- Det kan vere at dei ikkje fekk det med seg?
- Nei, det nektar eg å tru. Det skjedde på enden av ei lang, bein strekning, der fartsgrensa er 60 kilometer. Og sidan vi låg i kø gjekk det nok endå saktare. Så dei hadde god tid til å sjå det, seier Gjermundstad, som er yrkessjåfør og pendlar strekninga dagleg, - Men det er første gong eg har vore borti noko slikt, seier han.

- Plikt til å stoppe


Han viser til at vi snakkar mykje med ungane om mobbing, og det å gripe inn når vi ser at det skjer.

- I dette tilfelle kom dei ei lang rekkje med bilar, med det eg reknar som oppegåande vaksne i, som ikkje gjorde det. Det tykkjer eg er både opprørande og skremmande. Vi har plikt til å stoppe opp når vi ser at nokon har behov for hjelp, seier han, tydeleg rysta.

- Kva om dei ikkje hadde blitt stoppa i tide? Det er ikkje alltid ungar forstår konsekvensane av slike handlingar. Så det kunne enda langt meir alvorleg.
Han legg til: - Om det var mine ungar, så hadde eg sett at nokon greip inn om dei kunne det.

Kontakta skulen


- Kva skjedde då du stoppa bilen?
- Den eine sprang derifrå, medan dei to andre forklarte at det var blitt sagt stygge ting, som gjorde at dei rauk i hop. Difor valde eg også å kontakte skulen etterpå, som sa at dei ville følgje det opp, svarar Gjermundstad.