Alle kommunane i fylket har sagt ja til å byggje ei dagsturhytte, tre kommunar vil til og med ha to. Over 70 arkitektkontor har meldt si interesse for å vere med og teikne hytta.
– Fysisk aktivitet for alle er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Det er denne visjonen som ligg bak ideen om dagsturhyttene, seier Atle Skrede, idémakar og rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen.Slik det ligg an no, vil 29 dagsturhytter vere på plass rundt om i Sogn og Fjordane innan utgangen av 2018.
Lågterskeltilbod
Han gler seg over at alle kommunane no har bestemt seg for å setje opp ei dagsturhytte. Jølster, Førde og Solund vil til og med ha to. Nedst i saka her finn du ei oversikt over kvar hyttene i dei ulike kommunane skal vere. – Dette skal vere noko anna enn ein gapahuk, men heller ikkje ei overnattingshytte. Poenget er at folk skal ha ein stad å gå inn og å søke ly. Hyttene skal gjere det meir attraktivt å vere ute og gå tur. Det skal vere ein plass å byte kle, ete matpakka si og få litt varme i seg, fortel Skrede. Hyttene skal ikkje ha verken varme, straum eller sanitæranlegg. Dei skal vere 15 kvadratmeter og ha eit minibibliotek til bruk på staden. Det skal innehalde eit knippe nynorske bøker, først og fremst for barn. Dei første hyttene skal monterast i mai 2017, det er lagt opp til to-tre løft med helikopter og ein dags montering. Hyttene skal finansierast med spelemidlar, tilskot frå Sparebankstiftinga og momsrefusjon.Arkitektkonkurranse
Dagsturhytta skal sjå lik ut i alle kommunane og skal teiknast av arkitekt. Fylkeskommunen lyste ut arkitektkonkurransen 19. oktober, og det er sett ned ei arbeidsgruppe til å plukke ut ein vinnar. Vinnaren av konkurransen vert klar 24. november. Arkitektkonkurransen vart varsla i Doffin tidleg i oktober. Det førte til at over 70 arkitektkontor allereie har meldt si interesse for å delta i konkurransen, dei fleste norske, men også arkitektar frå Danmark og Ungarn har teke kontakt. Mange av kommunane har alt klart føre seg kvar dagsturhytta deira skal plasserast, og mange har kome fram til stad etter innspel frå innbyggjarane. Kommunane som ikkje er nemnde under treng meir tid for å få på plass hytteplassering. Både Jølster, Førde og Solund har allereie bestemt seg for to hytter. Her er ei førebels oversikt over kvar det kjem dagsturhytter (byggeår i parantes): • Nyksvatnet i Askvoll (2018)• Gulleplet i Balestrand (2017)
• Veten i Bremanger (2018)
• Bygdaheia I Fjaler (2018)
• Hatlesetnipa i Flora (2017)
• Utsikten i Gloppen (2017)
• Soleiebotn i Gulen (2017)
• Siplo i Høyanger (2018)
• Eggjahaugane i Leikanger (2017)
• Ytre Eikum i Luster(2017)
• Risnakken i Selje (2018)
• Loftesnesfjellet i Sogndal (2017)
• Pollatinden i Solund (2018)
• Kjeretoppane i Vågsøy (2018)