Sein levering av papiravisa

Det vil ikkje dukke opp papirutgåver av Ytre Sogn i postkassar i dag.


Forseinkingar i leveringa av papiraviser til Posten sin distribusjonsterminal i går gjorde til at papiraviser ikkje vart levert i tide til vidare distribusjon.

Dei som abonnerer på papirutgåva av Ytre Sogn vil derfor dessverre ikkje få avisa levert i dag. Dette gjeld også for andre aviser som blir trykt på Voss, slik som Firda og Sogn Avis.

Posten melder til oss at dagens fredagsutgåve vil bli levert måndag eller tysdag i neste veke.

Dette er ein situasjon som er utanfor vår kontroll, men vi ønsker å beklage til papiravislesarane våre at fredagsutgåva no blir nokre dagar forseinka i postkassa.