Sat vêrfast i Florida


Iselin Fimreite Farias frå Høyanger skulle eigentleg ha reist heim til Norge fredag kveld. Det sette uvêret Irma ein stoppar for.

- Flyet vart kansellert på grunn av uvêret som var venta innover Florida. Så no veit eg ikkje kor tid eg kan reise heim, sa ho til Ytre Sogn i 23-tida søndag kveld, lokal tid.

Då var Iseling Fimreite Farias  i huset til tanta og onkelen sin på ein plass som heiter Ave Maria i det sørvestlege Florida, om lag 40 minutt å køyre frå kystbyen Naples.

Mindre skader

Ho fortel at då har uvëret Irma, som herja i Karibia tidlegare i veka, roa seg noko.

- Det bles framleis sterk vind utanfor, men ikkje like mykje som tidlegare på dagen. Frå klokka 15 til 20 bles det kraftig, seier ho.

Straumen forsvann i 16-tida, og den hadde dei enno ikkje fått att då Ytre Sogn var i kontakt med ho seint på kvelden søndag, lokal tid.

-Før det sat vi for det meste og følgde med på nyhenda på tv, i påvente av at orkanen skulle nå Florida, seier ho.

-Korleis er det på utsida av huset? Er det mykje skader?

-Det er flaum i vegen og tre som ligg knekt på bakken. Men så mykje meir utanom det er det ikkje, seier Farias og viser til at Ave Maria, der ho er, ligg noko inn i landet.

På kysten var det nemleg varsla stormflo, med vasstand som kunne stige med fleire meter, og gje store øydeleggingar.

Godt førebudde

Ho fortel elles at dei hadde førebudd seg godt på uvêret.

- Vi er i eit hus som stod ferdig så seint som i november 2016, og er bygd for å tåle orkan, seier Høyanger-kvinna.

Ava Maria er også ein av dei nyaste busetnadane i den sørvestlege delen av Florida.

- Elles hadde vi på førehand skaffa nok  mat , vatn, batteri, bensin og anna til å greie oss ei stund, seier Farias, som hadde vore på besøk hos familien i Florida i tre veker og skulle returnere til Norge då orkanen sette ein stoppar for det.

- Korleis er det å oppeleve noko slikt?

- Det er spesielt, i og med at eg aldri har opplevd noko slikt før. Men eg var faktisk aldri redd. Eg trur dei heime var meir uroa enn meg, seier Farias, som håpar at ho kjem seg heim til Norge om ikkje altfor lenge.

Snart heimreise

Eigentleg skulle ho vore tilbake på jobb no.

- Men eg har heldigvis ein veldig snille sjef som sa at det einaste eg behøvde å tenkje på var å komme meg trygt heim, seier ho.

-Veit du når du kan reise?

-Nei, men eg reknar med at det vil gå nokre dagar før eg kan det. Det kjem an på når uveret er over, og om det er skade på flyplassen, seier Iselin Fimreite Farias.

Ave Maria, Naples, Florida