Samlar bygdene til digitalt ernærings­foredrag

– Vi prøver noko nytt, seier initiativtakar Øyvind Rømo.


Det er Fuglsetfjorden bygdekvinnelag, Ortnevik grendelag, Ikjefjord bygdelag og LivOGLyst Høyanger Sørside som står som arrangørar bak det digitale men samstundes fysiske nybrotsarbeidet tysdag.

– Dette med ernæring er i tida, så vi tenkte vi skulle få til noko rundt det her hos oss. Eit webinar med Simon Dankel, som er professor i ernæring, vart det vi landa på, men vi hadde lyst til å samle folk til dette webinaret framfor at alle berre skulle få tilgang til det heime i sine eigne stover.

Det fortel initiativtakar Øyvind Rømo. Han fortel og at det denne gongen er ein liten vri på det heile, for heile Høyanger sørside kan delta på webinaret, men dei får tre ulike plassar kor dei kan møte opp.

– I staden for å til dømes lage dette til berre i Bjordal har vi no valt å ha ei samling der, og ei i både Ikjefjord og Ortnevik. På den måten håpar vi at det blir fleire som blir med totalt, sidan dei som bur her på sørsida av kommunen får maks ti minutt reiseveg til ein stad der dei kan få med seg foredraget.

Teoretisk og fysisk ernæring

Og det er ikkje berre kunnskap om ernæring arrangørgruppa kan by på. Dei kan og by på ernæring i konkret forstand.

– Det blir servert sunn og næringsrik betasuppe etterpå, og både maten og foredraget til Dankel er gratis, så her er det berre å møte opp.

Med framvisning av eit foredrag som blir halde av ein professor i Bergen på tre ulike stadar på Høyanger sørside er det litt teknikk involvert, og det er den lokale altmoglegkvinna innan design og marknadsføring Kristin Myren i Kristinkom som har tatt ansvaret for at alle både skal kunne sjå og høyre Dankel godt.

– Det blir litt prosjektorar, storskjermar og høgtalarar i sving, så her bruker vi det utstyret som alt finst tilgjengeleg i dei ulike bygdene, og lagar til eit godt oppsett så Dankel når klart og tydeleg fram til publikumet sitt.

Modell til etterfølging

Rømo er spent på korleis oppmøtet og webinaret blir på tysdag, og håpar sjølvsagt at det heile blir ein suksess.

– Vi trur at dette blir både kjekt og nyttig for dei som blir med. Dankel vil kome med konkrete råd til eksempelvis barnefamiliar, eldre og folk i andre livssituasjonar om korleis ein kan ta kloke val i matvegen. 

Om prøveprosjektet går bra kan det også bli det første av fleire tilsvarande tilstelningar.

– Det finst mange lag og organisasjonar her, og det kan vere fleire som kunne ha interesse av å invitere inn til lokale foredrag på enklast mogleg måte. Med teknologien som vi har i dag er det ganske minimalt med innsats og ikkje minst reisetid som trengst både frå foredragshaldarar og publikum for å få til noko sånt.