Da Premier League innførte VAR, eller videoassistert dømming, var det ein periode der det var rimeleg frustrerande å sjå fotball frå England. VAR skulle i utgangspunktet sørge for å korrigere «clear and obvious mistakes», altså klare og openbare feil, frå dommaren si side. Men med ny teknikk, nytt regelverk og med millionar av tilskodarar rundt om i verda, vart ofte VAR brukt til heilt andre ting enn «clear and obvious mistakes».
Absurde situasjonar der ein sat i minutt etter minutt og venta på om mål faktisk var mål, medan linjer vart streka opp, kameravinklar etter kameravinklar vart studerte, og TV-bilete gjekk i sakte film om at og om at, vart ganske vanlege.
Eg hugsar spesielt eitt mål som vart annullert etter at ein i over fem minutt saumfarte alt ein kunne av situasjonen for mogleg misferd. Til slutt fann ein ut at ein halv centimeter av ein hæl på ein spelar gåande på veg vekk frå mål var i offside, og på VAR-rommet kunne dei nøgd klappe kvarandre på skuldrane over at nok eit mål vart sett stryk over i jakta på feilfri dømming.
Så kan ein kanskje spørje seg om ikkje fotball er betre om reglande blir følgde til punkt og prikke til ei kvar tid. Det viste seg at det ikkje var tilfelle i det heile tatt, i alle fall ikkje for meg. Fotball er eit produkt som skal sørge for underhaldning, og VAR-opplegget var alt anna enn underhaldande; det forringa produktet.
I Hyllestad har dei nok ofte den same kjensla som ein Premier League-spelar som akkurat har skåra mål, og no venter på om det sit nokon på bakrommet og finn ein god grunn til å gjere om på gleda.
Og Hyllestad kommune er ikkje i underhaldningsbransjen. Der er det samfunnsutviklinga det går ut over når vedtak og løysingar viser seg å ikkje halde seg til regelboka og blir kontant slått ned.
No er eg klar over at metaforen min fell saman, men så fekk eg i alle fall klaga litt på VAR medan eg pratar om Hyllestad kommune sine frustrasjonar.
For kommunane har noko dei ikkje har i fotball, og det er moglegheit til å gi dispensasjonar. Og det er ikkje meir enn to år sidan nytilsett Statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete, i BT proklamerte at det no skulle bli mindre detaljstyring.
– Terskelen skal vere høg for å gripe inn, sa ho.
Mon tru kva dei meiner om det i Hyllestad. Dispensasjonar gir unntak frå kommunane sine planar, men da er dei for Statsforvaltaren sitt kontor – kommune-Norge sitt eige VAR – om eg skal tvihalde på den metaforen, per definisjon eit regelbrot. Og da har det ikkje vore lett å føresjå for Hyllestad sin del om det blir gripe inn eller ikkje.
Og så må ein legge til at det er enkelt å argumentere for Statsforvaltaren sitt syn. Dispensasjonssaker kan ein alltid forlange at skal inn i overordna plan, da er ein sikker på at alt er på det reine, men i praksis er ikkje dette alltid mogleg.
Som når nokon vil bygge seg hus på familiegarden. Da er det sjølvsagt ikkje noko areal sett av til bustadbygging der, og ein jo prøve å forstå korleis nokon forventar at det skal vere det. Da må kommunen anten vere synsk og vite nøyaktig kvar dei unge i kommunen vil ønske å bygge hus, opptil ti-femten år fram i tid, eller så må dei sette av areal på alle gardsnummer, sånn i tilfelle nokon skulle ønske å bygge seg eit hus der.
Ein kan jo sjølv tenke seg til kva Statsforvaltaren hadde sagt til det siste der.
Om ein da ikkje får bruke dispensasjonar, så byrjar vegen fram til husbygging plutseleg å bli veldig lang. Arealplanar kan det gå eit tiår mellom kvar gong blir oppdaterte, og i ressursknappe kommunar kan det gå enda lengre tid enn det.
Eit alternativ for dei som vil bygge er å legge nokre hundretusen ekstra kroner inn for å få laga ein reguleringsplan der ein vil bygge. Men for dei som allereie har tenkt å bruke fleire millionar kroner på å bygge eit hus ein stad der verdien av huset i etterkant er ein brøkdel av byggekostnadane, kan prisen på ein reguleringsplan vere det som gjer til at ein vel ein heilt annan stad å bu.
I praksis betyr dette enkelt og greitt at ventetida på å få sett opp eit nytt hus i utkantane i verste fall er eit tiår. I ein kommune som meir enn noko anna ønsker at ungdommen bygger seg hus og dermed slår røter i kommunen i overskueleg framtid, er ikkje dette ein haldbar situasjon.
Samfunnsutvikling er vanskeleg nok i Hyllestad, med dei økonomiske utfordringane og ressursknappheita som kommune-Norge står ovanfor. Da kan ein ikkje gjere det enda vanskelegare med ein Statsforvaltar som stikk kjeppar i hjula kvar gong dei finn ein hæl i offside.