For omlag ein månad sidan gjekk russen i Høyanger ut i Ytre Sogn for å høyre om det var nokon som kunne stille med ein teltplass til dei, slik at dei kunne få ein felles samlingsstad under russetida.
Då byrja ballen å rulle, og onsdag ettermiddag kunne dei endeleg etablere russeleiren sin like ved utestasjonen til Høyanger kommune på Dale. – Rektoren vår Kristin Sagerøy Råsberg, som også er leiar for Arbeidarpartiet Høyanger og kommunestyremedlem, tok tak i saka og forhøyrte seg om kva som var mogleg å få til. Det viste seg at kommunen kunne stille med dette området, og Kristin kom også i prat med Gaute Pedersen Haugen som kunne hjelpe oss med telt. Det fortel russen med russepresident Jenny Østerbø Breidvik i spissen midt i arbeidet med å sette opp gjerde og telt onsdag. – Vi er kjempetakknemlege ovanfor dei som har hjelpt oss med å få ein eigen plass å vere no den siste veka fram mot 17. mai. Det er heilt perfekt å vere her, for området ligg ganske skjerma til samstundes som det ikkje er for langt unna sentrum.Onsdag ettermiddag sette russen i gong med å rigge leirplassen sin på Dale i Høyanger.
Russen har etablert leir på Dale
Russen i Høyanger fekk ønsket sitt oppfylt.