I Høyanger kommune finst det ei handfull råd som møtest fast for å diskutere relevante saker og utforme uttalar som blir presentert for administrasjonen og dei folkevalde. Eit av desse er ungdomsrådet. Det består av representantar frå alle skulane i kommunen, og nyvald leiar der er Helene Longfellow. Ho er til dagleg elev på Høyanger vidaregåande skule, og ho var også leiar av rådet i fjor.
– Eg synest at det er både flott og viktig at vi yngre har ei stemme opp mot dei som bestemmer her i kommunen i saker som angår oss. På førre møte diskuterte vi for eksempel dette med mobilar i skulen, som er eit aktuelt tema. Her i kommunen er det ulik praksis rundt dette på dei ulike skulane, og vår melding til politikarane her er at vi meiner det bør vere felles retningslinjer og felles praksis for dette for alle skulane i Høyanger. Eit anna spørsmål som opptek Ungdomsrådet og Longfellow er studietilbodet ved Høyanger vgs. – Eg meiner at det er veldig kjedeleg om det ikkje skal vere mogleg å gå studiespesialiserande i Høyanger i framtida, og eg synest og at det er uheldig at helsefag forsvant frå skulen dette studieåret. Eg har sjølv vener som måtte fortsette studieløpet sitt i Førde, og som har opplevd utfordringar med det. Det er tøft å plutseleg måtte flytte på hybel når ein ikkje har vore mentalt førebudd på det, og mange slit og med å finne seg til rette i Førde, og opplever eit ekskluderande miljø som står i sterk kontrast til korleis vi har det på skulen vår her.
Lærerikt
Longfellow fortel at det er spanande å få vere med på utforminga av det som kan bli vedteken politikk i heimkommunen, og at det er lærerikt å få innsikt i korleis dei ulike kommunale prosessane føregår. – Vi har typisk tre møter kvar haust og kvar vår enten fysisk eller via Teams, og der diskuterer vi det vi sjølv ønsker og det Kristina Skogly – som er den i kommunen som har ansvaret for oss – tek med til rådet. Og det er ikkje berre i Ungdomsrådet at Longfellow har engasjert seg. Ho er opptatt av rettane og vilkåra til elevar og studentar generelt, og var i fjor også på årsmøtet i Elevorganisasjonen i Oslo saman med Ariana Hjelmeland Rasdal, som den gong var elevrådsleiar på Høyanger vgs., og som og har vore ungdomsrådsleiar i Høyanger tidlegare. – Det var nesten sjokkerande å vere med på, for korleis dei har det på andre og gjerne større skular i landet skil seg veldig frå korleis vi har det her. Det var veldig nyttig å få den erfaringa da det gav nye perspektiv til vår skulekvardag, som er prega av mindre forhold og tettare relasjonar mellom elevane og lærarane.