Risikoen ved å seia JA til planinitiativ –⁠ Det Eviny ikkje vil fortelja deg…


Alt handlar no om å få kommunal aksept for å starta arbeidet med områdeplan og konsekvensutgreiing for vindindustri på Snøheia – og fleire stadar kringom. 
Mantraet frå vindkraftbransjen er: Kva er farleg med kunnskap? Kommunen har jo all makt i vindkraftsaker!

Sjølvsagt er ikkje kunnskap farleg. Spørsmålet er om det er kunnskapen vindkraftbransjen er interessert i, eller om det er løyve til å starta den formelle prosessen – som er viktig.

I eit innlegg i Firda 270924 tek Svalheim frå Eviny på seg å «opplysa» folket om kommunane som «allmektige» i spørsmålet om vindindustri etter dei nye reglane i plan- og bygningslova (pbl) og energilova – med verknad frå 010723.
Problemet med Svalheim og Eviny sitt innlegg er det dei ikkje fortel. 

For å finna ut kva risiko ein pådrar seg ved å seia ja til planinitiativet, må ein sjå på kva mogelegheiter og intensjon, overordna mynde har til å setja kommunen sine vedtaksorgan til side. 

For å finna lovgjevar sin intensjon må ein m.a. studera ordlyden i lovforarbeida -  i dette høvet stortingsproposisjon nr. 111 L (2022-23) - heretter kalla prop. 111 L.

Det vesentlege er i kva grad staten har juridisk kompetanse (mynde) til å gripa inn med statleg plan – og om det finst utrykt vilje til å gjera dette i lovførearbeida.

Fram til lovendringa sumaren 2023 var det to heimlar for å nytta statleg plan for å få gjennom eit vindkraftanlegg i ein kommune.

Olje- og energidepartementet kunne, med heimel i plan- og bygningslova § 6-4 tredje ledd, gje endeleg konsesjon etter energilova verknad som statleg arealplan. Det følgde av Ot.prp. nr. 32 (2007–2008). Ein kunne også nytta dei generelle reglane for statleg plan i pbl  § 6-4.

I prop. 111 L  (pkt. 4.6.2) er det klargjort at Olje- og energidepartementet ikkje lengre kan fastsetja at konsesjon for vindkraftanlegg utan vidare skal ha verknad som statleg plan etter plan- og bygningslova. Samstundes vert det gjort klart at ein eventuell statleg plan for vindkraftanlegg kan utarbeidast etter dei ordinære føresegnene for statlege planar i § 6-4 første og andre ledd.

Det er såleis utvilsamt at staten har kompetanse (mynde) til å tvinga gjennom eit vindkraftanlegg ved hjelp av Statleg plan. 

Har så lovgjevar signalisert vilje til bruk av statleg plan knytt til anlegg for vindindustri?

Svaret på dette er JA.  

Om ein ser vekk frå vindkraftsaker, har terskelen tradisjonelt vore høg for å overkøyra kommunar med statleg plan. Når det gjeld vurdering av staten sin vilje til å nytta statleg plan i vindkraftsaker, må ein difor sjå på kva spesifikt nytt som er skrive inn om statleg plan i prop. Nr 111 L (2022-23) samt den nye rettleiaren. Me tek med nokre døme.

Under pkt. 4.6.2 på side 40, står det: 

«Statlig plan vil derfor bare helt unntaksvis være aktuelt i tilfeller der vindkraftanlegg bør bygges av hensyn til regionale og nasjonale interesser, selv om en kommune motsetter seg det, eller berørte kommuner er uenige om utbyggingen. Ordningen vil således fungere som en sikkerhetsventil. Det kan for eksempel ikke utelukkes at hensynet til regional og nasjonal forsyningssikkerhet for kraft kan gjøre det aktuelt å gjennomføre planlegging av vindkraft som statlig plan.» 

Videre under pkt. 2.2 side 9 – føremålet med lovendringa: 

«Endringene antas å redusere konfliktnivået, og dermed gi grunnlag for en videre utbygging av vindkraft, blant annet for å styrke kraftbalansen og nå de nasjonale klimamålene.»

«Mål om effektive prosesser og hensynet til å unngå unødvendig dobbeltbehandling står sentralt i departementets forslag. Konsesjonsbehandlingen av vindkraft er samtidig forutsatt å bestå som en helhetlig samfunnsøkonomisk avveining av alle fordeler og ulemper ved prosjektet, herunder avveining av både lokale, regionale og nasjonale hensyn etter grundige utredninger og høringer.» 

I august 2024 kom rettleiaren: «Planlegging og konsesjonsbehandling av vindkraftanlegg på land». I kapittel 8 side 34, står det mellom anna:

«… det er ingen forutsetning for bruk av statlig plan at det er enighet med kommunen. Beslutning om statlig plan kan tas når som helst i planprosessen. Beslutningen kan ikke påklages.

«Spørsmål om bruk av statlig plan vil kunne komme opp underveis i planprosessen, som følge av at den kommunale planprosessen stopper opp. Departementet trer da inn i planprosessen slik den står, det er altså ikke nødvendig å starte hele planprosessen på nytt.»

«Selv om bruken av statlig plan i hovedsak er tiltenkt statlige utbygginger, vil lovformuleringen «eller når andre samfunnsmessige hensyn tilsier det» kunne åpne for bruk av statlig plan også for private utbygginger, dersom de er av stor samfunnsmessig betydning. Det er en forutsetning at bruken av statlig plan bør begrenses til situasjoner der det ikke kan ventes at ordinær kommunal planbehandling vil føre til et resultat som kan godtas av staten, og der de samfunnsmessige hensynene er vesentlige.»

Då har me altså dokumentert at det ligg føre både lovheimel og intensjon frå lovgjevar til å nytta statleg plan for å få bygd fleire vindkraftverk. Dette vil vera gjeldande for båe prosjekta det er levert inn planinitiativ for i Høyanger.

Eviny as gjev i innlegget inntrykk av at sjølve planprosessen først startar opp etter at ei eventuell konsekvensutgreiing er gjennomført. Vanleg praksis for større prosjekt, er at desse prosessane vert starta opp parallelt. Dette er ein klar intensjon hjå lovgjevar i lovforarbeidet, i sjølve lovteksten og i den nye rettleiaren.

I prop 111 L (kap. 7 s. 48) heiter det:

«Der det ligger til rette for det, bør områderegulering og konsesjonsprosess samordnes i tid med felles konsekvensutredning. Det kan i forskrift etter plan- og bygningsloven § 12-1 tredje ledd reguleres nærmere hvordan samordningen mellom områderegulering for vindkraftanlegg og konsesjonsbehandling etter energiloven skal skje.»

Dette kjem klart vidareført i endeleg lovtekst i § 12-1 (3 ledd) i pbl:

«Departementet kan gi forskrift om samordningen mellom reguleringsplanprosessen for vindkraftanlegg og konsesjonsbehandlingen etter energiloven.»

Då må politikarane i Høyanger og Sunnfjord (når og om dei får planen) vera klart over at «konsesjonsbehandling etter energiloven» er det NVE som styrer, IKKJE kommunen. Etter energilova er det samfunnsøkonomiske interesser som er avgjerande. Lokale og regionale ulemper skal då også vektast opp mot m.a. regional- og nasjonal forsyningstryggleik.  Kva er mest truleg konklusjon då?

Føremålet med planinitiativet er å byggja vindindustri i Snøheia. Utbyggjar vil, med rette, oppfatta eit JA til oppstart av områdeplan og KU som eit prinsipielt JA til føremålet med planarbeidet – vindindustri. For at kommunen skal enda opp med eit nei undervegs i prosessen føreset det; a) nye hittil ukjende negative følgjer, eller b) bortfall av store positive følgjer. Aukande samla utgifter for tiltakshavar utover planprosessen kan også gjera det vanskeleg å snu til eit nei undervegs.

Ut frå momenta over meiner me risikoen for Statleg plan aukar utover i planprosessen. (jf. prp. 111 L (2022-23). 

Det viktigaste er såleis ikkje kor mange gonger kommunen kan seia nei,  men sannsynlegheita for at Staten grip inn med statleg plan – eller trykket på kommunen for å seia ja,  vert for stort.

Gjennom «Kraftløftet 2.0» køyrer Regjeringa, NHO, LO, kraftbransjen mfl. ein sterk kampanje for at kommunar skal seia ja til vindindustri. Forskrifts- og lovendringar som t.d. utgreiingsplikt vert vurdert.

Ingen må tru at staten ikkje vil nytta tilgjengelege verkemiddel for å oppnå dette målet. Statleg plan og samkøyring av  plan- og KU prosessar er slike tilgjengeleg verkemiddel. 

Dersom ein ikkje ønskjer industrialisering av fjella mellom Sunnfjord og Høyanger, er «eit tidleg NEI» i kommunestyra den einaste trygge veg.

Arnold Matre og Ståle Hauge
Folk For Fjella