I strålande solskinn, og med 714 meter med luft under seg, overnatta kjendisdeltakarane i 71° Nord - Norges tøffeste kjendis på Gygrekjeften i Hyllestad i mai i år. Episodane med innslag frå kommunen blir sendt på TVNorge denne veka. (Foto: TVNorge/Discovery Norway)

Retur til Hyllestad for 71° Nord

Da 71° Nord – Norges tøffeste kjendis skulle gjenskape ikoniske augeblink i serien vart ein retur til Lihesten og Gygrekjeften eit naturleg val.


Det er i år 25 år sidan første sesong av 71° nord vart sendt, og som ein del av markeringa av jubileet gjenskapar TVNorge i årets sesong nokre av dei mest spektakulære augeblinka  i serien si historie. 

Eit av desse er den luftige overnattinga hengande 714 meter over havet frå Gygrekjeften på Lihesten i Hyllestad.

– Hengekøyestuntet på Gygrekjeften er noko alle framleis pratar om. Sist gong vi gjorde det stuntet var i sesong 17 i 2015 der vanlege folk var deltakarar, og no fekk kjendisane også prøve det same, seier programleiar Tom Stiansen.

I årets sesong er målet til dei 12 deltakande kjendisane å krysse Norge på langs, men undervegs blir gruppa stadig mindre, fram til det står igjen ein einsleg vinnar. 
Det er denne veka at TV-sjåarane kan få med seg innslaga frå Hyllestad, og Stiansen fortel om ein ganske massiv produksjon som må til for å spele inn dei ulike utfluktane til kjendisdeltakarane.

– Deltakarar og crew vart frakta med helikopter til Lihesten, og hengekøyestuntet kravde store ressursar for å få til. Utsikta er jo heilt fantastisk, og det er eit augneblink som sit sterkt i minnet til alle som var med. Deltakarane hadde ulike vegar opp til toppen, og vi kan avsløre at for nokre vart det meir luftig enn for andre.

Dette bildet er frå rigginga i 2015 da 71° Nord besøkte Lihesten for første gong. Tryggleiken står i førarsetet når eit stunt som dette skal gjennomførast. (Foto: TVNorge/Discovery Norway)

Litt galskap

I Hyllestad sit ordførar Kjell Eide spent og ventar på å få sjå glimta frå sin eigen kommune. Og med gode og veksande sjåartal for årets sesong – truleg godt hjelpt av kontroversar rundt deltakaren Gaute Grøtta Grav – vil det vere mange hundre tusen andre nordmenn som også vil sjå dei same glimta.

– Dei var jo heldige med vêret under innspelinga tidleg i mai, så vi får håpe at kommunen vår viser seg frå si beste side i TV-ruta.

Hyllestad kommune støtta produksjonen med 75 000 kroner, og tilbake får den proft og spektakulært videomateriale frå TVNorge/Discovery Norway som den kan bruke i eige marknadsføringsmateriale.

– Litt galskap må vi kunne spandere på oss, og forhåpentlegvis får vi ein god del igjen for desse pengane og både i form av å bli sett enda meir på kartet som eit reiselivsmål for friluftsinteresserte, og i form av videomateriale som vi kan bruke seinare.

Lihesten er som kjent for tida hovudrolleinnehavaren i eit storstilt stiprosjekt med ei kostnadsramme på omlag 8 millionar kroner, og (nesten) alt ligg no til rette for at fjellet kan bli ein enda større turistmagnet i åra som kjem.

– Vi er sjølvsagt glade for all positiv merksemd som Hyllestad får, og trur at innslaga frå kommunen vår i 71° nord er god reklame, men det kan jo bli for mykje folk her ute og. Vi har eit vegnett med ein del utfordringar, og vil mangle tilstrekkeleg med fasilitetar om det kjem store mengder tilreisande, men det er eit luksusproblem vi får ta når det kjem, om det kjem.