«Hundeprylaren» i Hyllestad


I gamle dagar hadde kyrkja i Vik eiga dørvakt. Oppgåva til dørvakta var å sjå til at hundane som følgde etter folka sine, ikkje slapp inn i kyrkja. På folkemunne vart dørvakta kalla «hundeprylaren».

Når Ytre Sogn skriv om Statsforvaltaren i Vestland som overkontrollør og dommar i Hyllestad, så minner dette om hundeprylaren i Vik kyrkje. Vi kan lese at Statsforvaltaren forpurrar og stansar:

- etableringa av flytedokk ved Tersan Havyard
- regulering av Eide hamn
- utviding av Åfjorden båthamn
- sikring av gamle bunkarar
- planar til unge budstadbyggarar.

Frå statleg politisk hald blir det messa om å ta heile landet i bruk. På den andre sida er det etablert ein forvaltningspraksis som verkar stikk motsett. I staden for dialog mellom forvaltningsnivåa til folket sitt beste, er det innført eit døyvande statleg kontrollregime.

Statsforvaltaren vegrar seg for å gi råd til kommunane i innleiande sakshandsaming, for ikkje å bli ugild seinare i prosessen ved eventuell klage, eller for å stå fritt til sjølv å klage eller stanse kommunale vedtak. 

Dette fører til lang sakshandsamingstid og stor frustrasjon lokalt. Konstruktive innspel frå eit dyktig og fagsprengt statsapparat, kjem først på bana etter klage eller motsegn. Eventuelt må det gjennomførast omfattande og kostnadskrevjande planarbeid og utgreiingar før ein kjem fram til gode løysingar. I mellomtida er det «kasta bort» tid og ressursar, mange gir opp og flyttar til sentrale regulerte strok. 

Staten legg med dette ei klam hand over lokalsamfunnet, som hindrar utvikling av næringslivet og bu- og etableringslyst hos dei unge. All ære til lokalpolitikarar som står opp mot denne statlege folkeprylinga.

Det vart etter kvart slutt på hundespetakkelet i våpenhuset i Vik kyrkje, og dørvakta vart omgjort til kyrkjetenar. På same måte må Statsforvaltaren i større grad enn no fungere som ein tenar av folket.

Jens Chr. Lundeland
Lifjorden