Rekordhøg søknadssum


Kommunar, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane har dei siste åra for alvor fått opp augo for spelemiddelordninga. I år søkjer vi om 242 millionar kroner, dobbelt så mykje som for fire år sidan.

Tal søknadar held seg nokon lunde stabilt frå i fjor. Det var kome inn 322 søknadar då fristen for å søkje gjekk ut 15. januar. Men summen vi søkjer om har auka frå 218 millionar kroner i fjor til om lag 242 kroner i år.

– Sogn og Fjordane har sterk tradisjon for å nytte spelemiddelordninga som finansieringskjelde for å etablere anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Dei siste fire åra har søknadssummen dobla seg. Det er svært gledeleg og kjem ikkje minst folkehelsa til innbyggjarane våre til gode, seier rådgjevar for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, Atle Skrede.

Han trur det tette og gode samarbeidet mellom fylkeskommunen, kommunane, lag og organisasjonar er noko av svaret på kvifor vi har denne auken. Kulturdepartementet, som tildeler midlane, har også laga eit søknadssystem som er enklare å forstå.

– Kommunane har fått betre kompetanse på dette feltet, det er viktig. I tillegg er også lag og organisasjonar meir merksame på tilskotsordningar og meir på hogget for å sikre seg pengar både til nye anlegg og til å halde ved like eksisterande, seier han.

Målretta innsats

Skrede gler seg også over at mange ser ut til å ha lagt visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – fysisk aktivitet for alle – til grunn for planlegging og søknad. Fylkeskommunen har dei siste åra målretta innsatsen for å få meir spelemidlar til fylket, mellom anna ved å arrangere gratis kurs i søknadsskriving.

Fylkeskommunen har også delteke med skulesatsinga «Teikn ditt skuleområde» på opne folkemøte om revisjon av kommunale planar i ei rekke kommunar. Der blir alle inviterte med til å utvikle skuleområdet ved sin eigen skule, noko som igjen aukar bevisstheita hjå folk.

– Både skuleområde, nærmiljøanlegg, klubbhus og dagsturhytter er viktige sosiale møteplassar i samfunnet, og det er gledeleg å sjå at vi får fleire slike i Sogn og Fjordane, seier Skrede.

Søkjer om mest


Det er stor variasjon i kor mange søknadar som kjem inn frå kvar kommune, og kva anlegg det blir søkt om støtte til. Til dømes kom det i år inn to søknadar frå Hornindal, mot 35 frå Førde. I tabellen under kan du sjå kor mykje kvar kommune har søkt om.

Førebelse tal frå anleggsregisteret før behandling av søknadene, viser at Sogn og Fjordane har søkt om vel 2200 kr per innbyggar. Dette er mest i landet. Til samanlikning har Hordaland søkt om ca. 1000 kr per innbyggjar og Akershus om 850 kroner.

Generelt er det mange, både kommunar, lag og organisasjonar, som søkjer om støtte til rehabilitering av eksisterande anlegg, i tillegg til nybygg av til dømes klubbhus og ulike nærmiljøanlegg. Det har dei siste åra vore auka tilrettelegging for friluftsliv med anlegg som turvegar, turstiar og dagsturhyttene.

– Tilrettelegging for slik aktivitet er særleg gledeleg. Det er lågterskelfriluftsliv, stiar nær der folk bur, som gjer det lettare for folk å vere fysisk aktive. Slikt vil vi ha meir av, slik får vi meir fysisk aktivitet for alle, slår Skrede fast.

Så mykje har kommunane søkt om:

Gloppen 33 160 000
Luster 23 404 000
Eid 22 891 000
Flora 22 416 000
Sogndal 21 539 000
Aurland 21 150 000
Hyllestad 15 679 000
Førde 12 936 000
Vågsøy 9 954 000
Naustdal 7 375 000
Stryn 6 632 000
Gaular 5 286 000
Bremanger 4 327 000
Askvoll 4 157 000
Jølster 3 993 000
Årdal 3 654 000
Solund 3 539 000
Balestrand 3 150 000
Fjaler 2 905 000
Gulen 2 654 000
Vik 2 259 000
Høyanger 1 981 000
Leikanger 1 967 000
Lærdal 1 459 000
Hornindal 1 300 000
Selje 1 245 000

Totalt: 242 000 000