Posten skal gå med post


Raudt Høyanger meiner at Posten må gjeninnføre levering av brev til mottakarar og aviser til abonnentar kvar dag. Alt anna når det gjeld avisombering, blir ei negativ forskjellsbehandling i forhold til innbyggjarar som bur tilstrekkeleg nær butikkar/kioskar der ein kan kjøpe ferske aviser eller tilstrekkeleg nær bibliotek med godt avistilbod.

Vi meiner også det må lagast ordningar som tek omsyn til eldre og menneske med nedsett funksjonsevne eller mobilitet og til innbyggjarar som bur langt frå det som kan kallast hentepunkt. Desse innbyggjarane må kunne få levert postsendte bestillingar/varer på døra utan ekstra økonomisk kostnad.

Slike forbetringar/ordningar er nødvendige for at den offentleg eigde Posten, som skal vere folkevalt-styrt, skal kunne stå for likeverdige tenester uansett kven du er og kor du bur.

Raudt meiner at for å oppnå dette, er det viktig at Postutvalet si innstilling blir avvist og at Raudt si stortingsgruppe arbeider i tråd med dette og vedtaket på Trondheim-konferansen 2025.

I denne saka er vi er einige med Steinar Bastensen som sa at «Posten skal ikke gå med overskudd – Posten skal gå med posten!»

På vegne av Raudt Høyanger

Einar Rysjedal
Leiar i Raudt Høyanger