Positiv koronaprøve i Hyllestad

Det har blitt påvist eit nytt smittetilfelle med covid-19 i Hyllestad kommune.


– Vedkommande er i heimeisolasjon og nærkontakter er i karantene. Smitten kan sporast, og det er ikkje noko som tyder på ukontrollert spreiing i kommunen, opplyser Hyllestad kommune på nettsida si

Samstundes minner dei om dei grunnleggjande smittevernreglane som framleis er det beste forsvaret mot koronaviruset:

* Hugs god hand- og hostehygiene

* Du og dine næraste kan omgåast normalt. Hald minst 1m avstand til andre enn dine næraste.

* Unngå fysisk kontakt, inkludert handhelsing og klemming.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.