Det er her, på nedsida av fylkesvegen gjennom Vadheim, at Vadheim Akvapark planlegg nybygget.
Klagesaka utsett

Politikarane vil på synfaring i Vadheim

Politikarane i Høyanger vil no ha møte med både utbyggjar Vadheim Akvapark og naboar til det planlagde anlegget deira i Kråkevika.


Difor vart klagesaka utsett då den var oppe først i planutval og sidan kommunestyre tidlegare i  dag. 

Som Ytre Sogn tidlegare har fortalt, er naboane til det nye landbaserte oppdrettsanlegget til Vadheim Akvapark uroa for høgda på nybygg. Nokre av dei vil miste utsikten heilt, andre delvis, med dei planteikningane som no ligg før. Her er det oppgitt kotehøgder på 19 og 25 på nybygg. 

Vore støy
I møtet i planutvalet sa Geir Helge Østerbø (Sp) at han registret at det hadde vore litt støy rundt saka, noko han også rekna med, sidan anlegget gjer eit stort inngrep midt i bygda, 


- Difor må vi vere lydhøyre for deira argument, slik at vi ikkje får meir problem og unødvendig støy, sa han med henvising til dei råka naboane.

Sp kom difor med eit endringsframlegg om å endre kotehøgda på bygg frå 19 til 15 i områda BN1 og BN2 og frå 25 til 20 i område BN3, som er der kommunen sin uteseksjon held til i dag. 

- Eg trur ikkje det vil skape dei store problema for reguleringsplanen, sa Østerbø, og meinte det også ville vere lønsamt for utbyggbar å ta ned høgda, ved at ein kom nærmare kote 1.

Han la til at satsinga til Vadheim Akvapark er bra for Vadheim og  resten av kommunen, ved at ein får etablert nye arbeidsplassar.

- Men vi må og ta vare på innbyggjarane.

Saka utsett
Også ordførar Petter Sortland (Ap) trakk fram betydningen satsinga vil ha.

- Eg har stor respekt for naboane, og set at høgda på bygg gjer at dei mister utsikt. Kanskje går det an å inviterer nokre av dei som bur nærmast til eit møte om dette, saman med utbyggjar, sa han og kom deretter med forslag om å utsette handsaminga av saka til dette har funne stad.

Møtet vil også omfatte synfaring i det aktuelle området.

Det fekk han dei andre partia i planutvalet, Sp og R, med på.

- Det er kjempebra. Eg håpar at vi kan ta møtet kjapt, slik at det ikkje påverkar framdrifta, sa Østerbø.

Etter dette vedtok planutvalet - og rett etterpå kommunestyret - å utsetje saka til møte og synfaring har funne stad. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.