Per A. Øren og Vindkraft


Debatten har rasa og meiningar har hagla sidan det vart kjend at vår lokale entreprenør har stilt utstyr til rådighet under vindkraft utbygginga. Dessverre mistar debatten sitt formål når sterke, ufine og usakelige  meiningar frå begge hald overskygger det frie ordet og debatten må leggas død.

Per A. Øren har tjent bygda og oss som bur her godt og lenge. La oss håpe det fortsetter slik. At dei som firma må drive etter økonomi og profitt er vel ein sjølvsagt ting skulle ein tru.
Dei har ikkje brutt noen lover ved å ta del i vindkraftutbygginga, å kansje har dei heller ikkje tatt noko standpunkt for den heller.

For tiden jobbar dei iherdig ved dammanlegga våres i Høyangerfjella. Dette er eit anlegg der ingrepa i naturen starta allerede for 100 år sidan. Her ser det heller ikkje rett pent ut for tiden, men det er ein del av prosessen og det blir bra til slutt. 
I saka med vindkraftutbygging handlar det i større grad om urørt natur og irreversible inngrep som blir gjort i prosessar og konsesjonar som viser seg å være tvilsomme, i bestefall, og eit onde for natur og folk som vi strengt tatt ikkje er avhengige av å ta i bruk pr nå. Men detta kan ikkje skuldast PAØ for.

Så var det detta med meininger da...
Dersom PAØ stod på randen av konkurs og permiteringar ville nok aksepten for all type aktivitet vert noe større (vi er jo definnitivt ei bygd som kjenner på presset). Men slik eg oppfattar situasjonen er ikkje ståa slik.
PAØ har sikra seg arbeid i høyanger gjennom oppgradering og restaurering av eksisterande dammanlegg for dei neste kommande åra.

At dei da likevel velger å ta ta del i vindkraftutbygging på Stadt, til trass for eit brennande engasjement i heimkommunen med eldsjeler og ordføraren i spissen mot vindkraft verkar på meg rart. Og utan å fordele ukvemsord både her og der så er det dette som gjør meg trist oppi det heile.

Kva grunnar og intensjonar  PAØ har for å gjøre som dei gjør veit ikkje eg. Ikkje skal eg seie så mykje på det heller så lenge dei forholder seg innanfor lover og regler og premisser som er satt. Styr unna personangrep og ufine meiningar så får vi den nødvendige siviliserte debatten vi trenger, for både næring og natur.

Så håper og trur eg at PAØ går noen runder ekstra med seg sjølv i ei sak som engasjerer heimbygda så sterkt som vindkaftsaka før dei fornyar- eller går inn i framtidige prosjekt.

Lokalpatriot og vindkraftmotstandar
Tor Aleksander Dale

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.