Pakka og klart med Torunn Gjerde


Namn:  Torunn Gjerde
Arbeid: Jobbar hos Høyanger kommune
Bustad: Høyanger
– Kvar reiser du på ferie?
– Det er ei god stund sidan eg har vore på ferie, men Rhodos by er ein klar favoritt. Der har eg vore rundt 15 gongar med tre veker ferie nesten kvar gong.

– Kvifor?
– Det er flott i Hellas, og om sommaren så er ein garantert fint og varmt vêr der, noko som er eit stor pluss for oss som er glade i sola. Og så har du grekarane, som er eit fantastisk folkeslag. 

– Nemn tre sjåverdigheiter folk bør få med seg der?
– Eg er glad i strand og badeliv på ferie, og ikkje oppteken av sjåverdigheiter. Men ein tur i gamlebyen i Rhodos by kan jo nemnast. Og så finst det fine guida båtturar til blant anna Lindos og ruinane til det gamle Akropolis, og ein tur forbi bukta der scener frå filmen «Kanonane på Navarone» med skodespelaren Anthony Quinn vart spela inn er også å anbefale.

– Eit godt restauranttips?
– Det må vere restauranten «Louis» i Rhodos by, for der har dei heilt utruleg god mat. Eg bestilte biffen min godt steikt ein gong vi var der, men fekk då beskjed av servitøren om at nei, det kunne eg ikkje få, og den mediumsteikte biffen han etter kvart serverte meg, er den beste eg nokon gong har smakt.

– Turistfellene ein bør unngå?
– Det veit eg eigentleg ikkje. Men det eg tykkjer kan vere ein minus er at det er ein del stadar der folk i anten restaurantar eller butikkar prøver nesten alt for å få deg inn. Det likar eg ikkje.

– Kva souvenir bør ein ta med seg heim?
– Eg plar ikkje å handle slike ting med meg heim, så der har eg ingen råd å kome med. Men det eg sjølv likar å ta med meg heim, det er nye klede. For på Rhodos og sikkert i Hellas generelt får dei det som er nytt i motebildet ganske tidleg, så der har eg kjøpt meg mykje fint.

– Neste stad du planlegg å reise på ferie?
– Eg har førebels ingen reiseplanar, men når den tid kjem så må det bli ein tur til anten Rhodos elle Kypros.

Rhodos. Foto: Stefan Krause