Påvist smitte ved Høyanger skule


Etter å ha fått stadfesta eit smittetilfelle av Covid-19 hos ein av elevane ved Høyanger skule følgjer kommunen no nasjonale retningsliner og gjer tiltak utifrå dette.

Det skriv kommunen på sine eigne heimesider.

– Vi har utført hurtigtesting av alle elevane i den aktuelle klassen, der alle svar på prøvane er negative. Vi kjem til å fortsetje og teste dei utover i neste veke, med det regime som heiter "test i staden for karantene", seier kommuneoverlege Kristine Longfellow til Ytre Sogn.

– Vår erfaring er at skuleborn sine testar kan vere negative på dag ein, tre og også fem, før den gjerne slår positivt ut på dag sju. Sidan det ikkje er noko karantenepålegg ønskjer vi at dei som no er testa er minst mogleg sosiale med nye nærkontaktar den neste veka, seier ho vidare.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.